Systemingeniør
HMR Hydeq AS
- Frist 20.1.2025
- Ansettelsesform Fast
SYSTEMINGENIØR
HMR Hydeq opplever økt ordretilgang og søkjer etter fleire dyktige medarbeidarar til våre team innanfor spennande teknologisk kompetansemiljø. Våre oppdrag er svært varierte, og du vil som systemingeniør møte spennande utfordringar innanfor fleire fagfelt.
FORMÅL MED STILLINGEN:
Som systemingeniør hos HMR Hydeq skal du inngå i vårt team for å designe, implementere og teste integrerte tekniske system som kombinerer elektro, maskin, hydraulikk og programvare. Oppgåvene blir å sikra at desse systema blir utvikla i tråd med spesifikasjonar, tidsplanar, budsjett, og i tråd med gjeldande standardar for sikkerheit.
ØNSKA KVALIFIKASJONAR
- Bachelor/høgare utdanning innan elektro, automasjon, mekatronikk eller tilsvarande
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Open for både nyutdanna og kandidatar med erfaring.
- Erfaring med bruk av Eplan eller liknande verktøy er ein fordel. Om nødvendig kan me tilby kurs for å sikre nødvendig kompetanse.
- Gode IT-ferdigheitar.
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
- Du er positiv, løysningsorientert og ansvarsfull.
- Du kan jobbe sjølvstendig eller i team.
- Du har gode kommunikasjonsferdighetar på norsk og engelsk
- Du har høg fokus på HMS og kvalitet.
ARBEIDSOPPGÅVER
- Utvikle og designe system, inkludert modellering og simulering av løysningar.
- Montere og implementere løysningar i samarbeid med andre avdelingar.
- Integrere sensorar for måling og styring, og programmere/konfigurere kontrollsystem.
- Teste, verifisere og kvalitetssikre system før levering.
- Feilsøke, løyse problem og reparere feil i systema.
- Delta i tverrfaglege prosjekter og utarbeide dokumentasjon som teikningar og spesifikasjonar.
- Sikre at arbeidet følger gjeldande HMS-standard og regelverk.
ME TILBYR
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Utfordrande og spennande oppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.
- Gode moglegheiter for kompetanseheving.
- Verkstad med moderne utstyr.
- Konkurransedyktige vilkår.
ANDRE OPPLYSNINGAR
- Arbeidsstad er i Øvre Årdal. Noko reiseverksemd må ein rekne med.
Om arbeidsgiveren
HMR Hydeq er en del av HMR Gruppen, og har utvikla og produsert spesialkøyretøy og utstyr for effektiv og sikker metallproduksjon sidan 1970 talet. Dette er gjort i nært samarbeid med selskapets kundar. Selskapet sysselset pr dato 85 personar. Me oppfordrar kvinner til å søke denne stillinga.
Selskapet er lokalisert nær Hydro Aluminium sitt anlegg i Øvre Årdal i Vestland fylke. Nærheita til Hydro Aluminium sitt elektrolyse, støyperi og teknologiutviklingsmiljø - setter HMR Hydeq sine utviklings- og produksjonsavdelingar i en særstilling for å forstå kunden og bransjens behov og til å utvikle nye, effektive køyretøy, maskiner og utstyr i takt med utviklinga av produksjonsprosessar og metodar hos våre kundar. Dette tette samarbeidet er en styrke og en fordel både for HMR Hydeq som leverandør, men også for våre kundar nasjonalt og internasjonalt.
HMR Hydeq sin største kundar har satt seg ambisiøse bærekraftsmål og har aukande etterspørsel etter grønare produkt med lågare karbonavtrykk. Våre kundar er avhengig av at HMR Hydeq som leverandør aktivt bidrar til deira bærekraftambisjonar. HMR Hydeq skal vere i forkant med utvikling av nye bærekraftige produkt i tråd med våre kundars visjonar og ambisjonar, og våre produkt skal bidra til bruk av ressursar som har minimal påverking på miljøet, og produkta skal være innovative og inneha gode tekniske løysningar.
- Sektor: Privat
- Sted: Øyni, 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Industri og produksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Industri, Mekanisk, Prosjektledelse
Nøkkelord
prosjektleder, aluminium, kjøretøy, produksjon, maskinbygger
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385717884
- Sist endret