Barnehagelærar
Helse Bergen
- Frist 09.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Barnehagelærar
Helse Bergen eig og driv 4 barnehagar. I våre barnehagar blir kvart barn sett, høyrt og stimulert ut frå eigne føresetnader. Barnehagen skal gi barna gode vilkår for læring og utvikling i eit trygt miljø. Barna skal få eit godt pedagogisk tilbod gjennom leik og læring i sosialt samspel med andre barn og med vaksne. Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45.
Felles satsingsområde for alle vere barnehagar er livsmeistring og helse.
Vi har no ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar i Helse Bergen. 30% av stillinga vil vere knytt til Vinterdalen barnehage. Dei resterande 70% vil vere ambulerande mellom dei tre andre barnehagane i Helse Bergen, etter behov. Vikariatet er ledig frå snarast eller etter nærare avtale og til 31.07.2025.
Våre øvrige barnehagar er Vognstølen, Hunstad og Ravnebjerget. Du kan lese meir her
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
- Medansvar for å skape eit godt psykososialt barnehagemiljø
- Medansvar for god fagleg utvikling i barnehagen
- Medansvar for planarbeid og organisering av avdelinga
- Medansvar for eit godt foreldresamarbeid
- Medansvar for observasjonsarbeid og samarbeide med andre instansar ved behov
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
- Ein lagspelar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ansvarsbevisst
- Påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Omsorgsfull vaksenperson
- Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnehgelærer, barnehagelærar, Haukeland sykehus, Helse Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385721615
- Sist endret