Sjukepleiar/Vernepleiar med vidareutdanning
Helse Bergen
- Frist 13.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning
Ved BUP Nordhordland er det ledig vikariat i 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar med relevant vidareutdanning. Vikariatet er ledig frå 01.04. - 31.12.2025. Det kan vera mogleg med forlenging av vikariatet. Begge profesjonar er aktuelle og oppmodast til å søke.
BUP Nordhordland held til i Knarvik og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8500 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til utredning og individuell behandling legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både born og foreldra deira.
Vi er ein poliklinikk med 21 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinetenesta og andre relevante etatar. Vi held til i Region Nordhordland Helsehus og er samlokalisert med mellom andre Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, fleire andre seksjonar frå Helse Bergen og mange kommunale instansar. I det seks etasjar høge huset ligg alt til rette for mykje godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Kven treng vi? Vi ser etter ein engasjert og åpen fagperson som vil vera med oss å forma ein ny stilling der ein arbeider både med somatisk og psykisk helse, saman med born/unge og foreldra deira. Stillinga inngår i eit tverrfagleg fellesskap saman med poliklinikkens øvrige medarbeidarar, for å nå våre felles mål. Vi ser etter deg som er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig. Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Å ha koordinatoransvar for pasientar
- Bistå våre legar med oppfølging/behandling av pasientar med for eksempel ADHD (kontrollar, delta i medisinutprøving mm.)
- Gi psykoedukasjon til pasientar og føresette
- Samarbeid med og rettleiing til skular, kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
- Delta på kurs for føresette og lærarar
- Behandling med kunnskapsbaserte metodar/miljøterapi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning
- Det vil bli lagt vekt på erfaring og kompetanse som er i samsvar med poliklinikkens strategi og kompetanseplan
- Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og foreldrerettleiing er ein fordel
- Må mestre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Erfaring frå og eit ønske om å jobbe i eit tverrfagleg team
- Evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk og samstundes vere open for spontane samtalar
- Erfaring frå å arbeide med born og unge med psykiske vanskar
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsettingar
- Opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjonseevner både munnleg og skriftleg
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og ha god arbeidskapasitet
- Du er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig
- Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, videreutdanning, BUP Nordhordland, Knarvik
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385728946
- Sist endret