Undervisningsleiar (inspektør) - 100% vikariat
Alver kommune
- Frist 2.1.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere skuleleiar hos oss?
Knarvik barneskule har ledig 100% mellombels stilling som undervisningsleiar (inspektør) frå 01.01.2025 - 31.07.2025.
Knarvik barneskule er ein nybygd skule som ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane.
Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland. Skulen har i dag ca 270 elevar og eit personale på vel 40.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsleiaren vil vere ein del av skulens leiargruppe, saman med rektor, den andre undervisningsleiaren og SFO-leiar.
Administrative oppgåver knytt til spesialundervisning, løn, bemanning, samarbeidande instansar, utviklingsarbeid og drift er knytt til stillinga. Det vil også vere noko undervisning lagt til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Godkjent pedagogisk utdanning for undervisning på 1. - 7. trinn
- God dugleik i norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskje om å være eller prøve ut skuleleiarrolla
Ønskt kompetanse
- God digital kompetanse
- Erfaring frå skuleleiing
- Leiarutdanning, eller ønskje om å ta leiarutdanning dersom stillinga vert langvarig
Vi ønskjer undervisningsleiar som, sjølv i ein hektisk kvardag, evner å møte kvar einskilde elev og medarbeidar der dei er. Dei må vere opptatt av å samskape og dei må kunne vere rause i detaljane, men samtidig faste og tydelege i det sentrale. Godt humør og evne til å le er eigenskapar vi set høgt på skulen.
Søkjarane bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk og gode kommunikasjonsevner opp i mot elevar, føresette og medarbeidarar.
Dei som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne og arbeidskapasitet.
Det er ønskjeleg med kompetanse og/eller røynsle innan spesialpedagogikk.
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person med eit positivt elev- og læringssyn, som meistrer å kombinera mange arbeidsoppgåver med tid til positive møter med elevar og kollegaer på skulen.
Undervisningsleiaren må vere opptatt av god personalleiing og vidra bidra til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø, samt vere tydeleg i møte med elevar, tilsette og føresette.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig team. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt team.
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lonsvegen 80, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Inspektør, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skuleleiar, undervisningsleiar, inspektør, avdelingsleiar, undervisning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385739007
- Sist endret