Kunderådgjevar
Enivest
- Frist 2025-01-15
- Ansettelsesform Fast
Er du ein energisk kunderådgjevar med lidenskap for fornøgde kundar?
Visste du at Enivest leverer kundeservice i toppklassen? Vi er opptatt av kvalitet, har høgt kundefokus og er innovative.
Som tilsett på Kundesenteret har du ei nøkkelrolle i å prioritere det som skal til for å møte behova til våre kundar, og ikkje minst våre potensielle kundar. Du vil dagleg vere i dialog med kundar som treng bistand med sitt abonnement, faktura, det tekniske utstyret eller andre ting.
I tillegg ønsker vi at du tar del i å styrke relasjonane til kundane våre gjennom kundebesøk – anten det er for å hjelpe med teknisk support heime, bistå burettslag, organisere og utføre kundebesøk i konkurranseutsette område eller bidra til ei positiv kundeoppleving ansikt til ansikt.
Vi ønskjer at du møter kundane med ei positiv framstilling og ein engasjert framtoning.
Teamet på Kundesenteret sine levereglar:
- God delingskultur: "Sharing is caring"
- Vi tek ansvar for å skape ein fantastisk arbeidsplass
- Våre leiarar er tilgjengelege
- Vi bryr oss om kvarandre og har det kjekt på jobb
- Ros og konstruktive tilbakemeldingar er ein del av kvardagen vår
- Vi har sterk fagleg integritet
- Vi er opptatt av at du kan påverke din eigen kvardag
Til teamet på vårt Kundesenter søker vi no ein nytenkande og engasjert medarbeidar i 100% stilling som tør å utfordre og bidra til utvikling i retning kundebegeistring. Har du teknisk forståing, god lagånd og er genuint opptatt av god kundebehandling? Då vil vi tilby deg ein variert og spennande arbeidskvardag.
Dine hovudarbeidsoppgåver:
- Teknisk feilsøing og support
- Rådgjeving for våre kundar via telefon, e-post og nettprat
- Kundebesøk: bistand med teknisk support heime, hjelp til burettslag, eller besøk i konkurranseutsette område
- Organisere og gjennomføre booking av kundebesøk
- Behovsavklaring og meirsal
- Kvalitetskontroll av fagartiklar på vår nettside og vårt kunnskapsforum
- Bidra til å gjere våre tenester betre gjennom innspel og forslag til stadig forbetring
- Aktivt bidra i prosessar knytt til automatisering og effektivisering av saksgangen
- Utforske og aktiv bruk av AI for betre kundeopplevingar
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Genuint serviceinnstilt og imøtekommande ovanfor kundane våre
- God teknisk forståing
- Meistrar behovsavklaring og er salsretta i ditt arbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
- Lærevillig og evner å sette deg kjapt inn i nye system
Kvifor skal du velje oss?
- Ei spennande stilling med ein viktig funksjon hjå ein leiande aktør
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Fagleg dyktige kollegaer
- Ein framoverlent organisasjon som satsar på sine tilsette
- Konkurransedyktig løn og vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kollektiv bonusordning
- Kjekke firmaturar
- Konkurransar, premiar og happenings gjennom heile året
- God varmmat frå kantina. Er du av den sunne typen, har vi eigen salatbar
- Gratis parkering. Forstår at dette er å forvente, men vi nemner det i tilfelle du skulle lure på det
Vi tilbyr oppstart fortløpande.
Om dette høyrest ut som ei stilling for deg, så håper vi at du sender inn ein søknad. Dersom du har spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med leiar for Kundesenteret,
Anette Blom, tlf: 416 75 757.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Våre 60 tilsette jobbar hardt kvar dag for å profesjonalisere og utvikle selskapet vidare, og bringe betre tenester til våre 30 000 kundar.
Det opphavelege oppdraget til Enivest var å gje alle eit tilbod om internett. I dag er målet vårt å tilby høghastigheits breibandsnett i form av fiber. Tilgang til fiber er blitt ein føresetnad for å levere stabile og gode tenester.
Vi engasjerer oss sterkt i samfunnsutviklinga i nedslagsfeltet vårt - gjennom både sponsing og engasjement for ulike samfunnsnyttige initiativ.
Vår visjon: «Sterkare band» er vår leiestjerne, både blant tilsette, og til kundar og leverandørar. Vi har stor tru på at det å vere fagleg dyktig og nysgjerrig er ein god kombinasjon, og legg vi til høgt engasjement er dette ei god beskriving av vår organisasjon.
Vil du vere med oss på reisa vidare?
- Sektor: Privat
- Sted: Firdavegen 5, 6801 Førde
- Bransje: Internettbaserte tjenester, Konsulent og rådgivning, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Teknisk service
Nøkkelord
Kundeservice, Servicetekniker, Kunderågiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385741841
- Sist endret