HMS-rådgjevar i Bedriftshelsetenesta
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
HMS-rådgjevar i Bedriftshelsetenesta
Vi har ledig fast stilling som HMS-rådgjevar i bedriftshelsetenesta, og ønskjer deg med på laget.
Bedriftshelsetenesta i Helse Møre og Romsdal HF har godkjenning frå Arbeidstilsynet, og er organisert som eigen seksjon under HR-direktør. Seksjonen har kontor i Molde og Ålesund, og betjener ca. 6500 tilsette i heile foretaket. Arbeidsstad er primært Ålesund, men det må påreknast ein del reiseverksemd mellom sjukehusa og dei øvrige institusjonane. I seksjonen er det tilsett lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, yrkeshygienikar og jordmor. Bedriftshelsetenesta har brei tverrfagleg kompetanse og er organisert i faggrupper.
Vi handterer varierte arbeidsoppgåver innan:
- Systematisk HMS- arbeid
- Arbeidshelse
- Ergonomi
- Yrkeshygiene/fysisk arbeidsmiljø
- Organisatoriske og psykososiale forhold
Kompetanse innan desse områdene er ønskeleg. Ved intern omrokkering kan det bli endring i arbeidsoppgåver utifra søkjar sine kvalifikasjonar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Bedriftshelsetenesta bistår arbeidsgjevar i arbeidsmiljøarbeidet, og skal bidra med å forebyggje arbeidsrelaterte helseplager, sjukdom og skade. Bistanden skal vere utløst av risikoforhold i arbeidsmiljøet som kan ha betydning for arbeidstakernes helse. Arbeidet skal vere målretta, risiko- og kunnskapsbasert.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver innanfor det systematiske HMS-arbeidet
- Arbeidsoppgåver ut frå eige fagområde
- Kartlegging av arbeidsmiljø, rådgivning og undervisning
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn, minimum bachelornivå, som til dømes sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut
- Relevant vidareutdanning
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid i bedriftshelseteneste eller med HMS
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er god på å byggje relasjoner og samarbeider godt med dine kollegaer
- Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i tverrfaglege team
- Personleg egenskaper vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- Ein jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åsebøen 1, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: HMS
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385741960
- Sist endret