Driftsingeniør
Sygnir
- Frist 19.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Form framtidas energiløysingar i Sogn
Har du lyst til å spele ei sentral rolle i utviklinga av framtidas energieffektive og berekraftige infrastruktur? Vil du vere med og setje retning for eit nettselskap i front når det gjeld digitalisering, sikkerheit og påliteleg forsyning? Då vil me gjerne snakke med deg!
Om stillinga
Hos Sygnir blir du ein del av teamet i Nettstyring som arbeider med drift, forvaltning og beredskap av nett med spenningsnivå opp til 132 kV. Her får du høve til å:
- Sikre stabil og trygg nettstyring: Optimalisere straumnettet, handtere feilretting, vern og nettkvalitet.
- Drive teknologiutvikling og innovasjon: Nytta avansert overvaking, digitalisering, sensorteknologi og datainnsamling for intelligent styring av nettet.
- Skape proaktive løysingar: I tett samarbeid med prosjektleiarar i utbyggingsteamet vil du bidra til planlegging, implementering og vidareutvikling av nye anlegg og løysingar.
- Få tilpassa ansvar: Fagområde, rollefordeling og personleg utvikling vert tilpassa di kompetanse, erfaring og interesse. For den som ønskjer det, er det òg rom for utvida ansvarsområde eller ei leiarrolle.
Kven søkjer vi?
- Du har bachelor eller mastergrad innan elkraft/elektrofag.
- Erfaring med drift, vedlikehald eller prosjektering av energisystem er ein fordel, men nyutdanna med ambisjonar oppmodast òg om å søkje.
- Fagbrev innan elektro er eit pluss, men ikkje eit krav.
- Brei erfaring/kompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning.
Kvifor velje Sygnir?
- Berekraftig utvikling i praksis: Med investeringsplanar på nærare 800 millionar kroner det neste tiåret skal vi vidareutvikle og forsterke nettet for å møte større effektbehov, auka elektrifisering og meir ekstremt vêr. Dette krev teknisk innsikt og systemforståing på høgt nivå.
- Personleg og fagleg vekst: Hos oss møter du eit ambisiøst og kunnskapsrikt fagmiljø, med høve til kurs, opplæring og kontinuerleg utvikling.
- Sosialt og inkluderande miljø: Vi har ei aktiv personalforeining – Kraftlaget – som er oppretta AV dei tilsette FOR dei tilsette. Kraftlaget arrangerer sosiale aktivitetar og samlingar på tvers av heile konsernet, alt frå fjellturar og sportsarrangement til quizkveldar og andre kjekke sosiale tilstellingar.
- Leik deg med teknologi: Vi utforskar nye teknologiar innanfor digitalisering, automatisering og sensornettverk, og du får vere med å forme framtidas smarte energinett.
- Gode kollegaer og levande lokalmiljø: Med base i naturskjønne Sogn, får du eit sosialt, produktivt arbeidsmiljø, samstundes som du kan leve tett på spektakulær natur og aktive lokalsamfunn. Arbeidsstaden er ved ein av våre lokasjonar i konsesjonsområdet (Aurland, Lærdal, Sogndal eller Vik).
Om arbeidsgiveren
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, ein regional drivkraft i Sogn. Med ei sentral rolle i å sikre stabil straumforsyning til 14 000 nettkundar, jobbar vi for berekraftig vekst og utvikling av regionen. Straumnettet vårt er 2500 km og går gjennom det brattaste terrenget i landet. Derfor er me også fremst i landet for å arbeide trygt i bratt terreng, som gjeld alt i frå sikringsmetodar til snøskredkompetanse.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør, Ingeniør
Nøkkelord
elkraft, nettselskap, energi, ingeniør, bærekraft
Driftsingeniør Per Olav og Prosjektleiar Jan Vidar på jobb i trafostasjon (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385757249
- Sist endret