Rådgjevar sivil rettspleie og forvaltning
Sør-Vest politidistrikt
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar sivil rettspleie og forvaltning
Sør-Vest politidistrikt har ledig fast stilling som rådgjevar. Tiltreding etter avtale. Stillinga er for tida plassert i driftseining Stord, seksjon for sivil rettspleie og forvaltning. Arbeidsstad vil vere på Stord politistasjon. Rådgjevaren vil jobba med oppgåver innanføre den sivile rettspleien.
Seksjon sivil rettspleie og forvaltning på Stord består av 7 medarbeidarar. Seksjonen har ansvar for oppgåvene som ligg til Namsmannen. Oppgåvene til namsmannen omtalast som den sivile rettspleien og omfattar tvangsfullbyrding av pengekrav, fråvikingar, innkreving av bilar, gjeldsordning, forliksråd og forkynningar. Seksjonen har og forvaltningsoppgåver som blant anna vandelsuttalar i høve alkohollova og serveringslova, handsaming av hittegods og våpenforvaltning. Seksjonen driv og passkontoret ved Stord politistasjon.
Me søkjer ein engasjert, strukturert og effektiv medarbeidar som ynskjer ein interessant og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Arbeidet inneber utstrakt kontakt med partar og me legg stor vekt på at alle skal handsamast på ein god måte. Som namsfullmektig har du sjølvstendig namsmynde.
Seksjonen forvaltar eit omfattande lovverk og handsamar kompliserte juridiske problemstillingar. Som rådgjevar vert det difor stilt krav til særleg uavhengighet og evne til å arbeida, vurdera problemstillingar, rådgje og til å fatta beslutningar sjølvstendig.
Arbeidsoppgaver
Sakshandsaming sivil rettspleie
- Som namsfullmektig, mellom anna med tvangsfullbyrding og som stevnevitne.
- Handsaming av innsigelsar, klagar, endringar av utleggstrekk og liknande.
- Rettleiing og rådgjeving i regelverket.
- Førebuande sakshandsaming av klagar som skal sendast til domstolen.
Du må og bidra med kompetansedeling og opplæring. Andre oppgåver innanføre den sivile rettspleien, som handsaming av sakar om gjeldsordning og fungering som sekretariat for forliksråd er og aktuelle.
Oppgåver innanføre forvaltning kan og verta tillagt stillinga ved behov.
Kvalifikasjoner
Naudsynte:
- Utdanning på masternivå, fortrinnsvis master i rettsvitskap. Mastergrad i økonomi el. kan og kvalifisera. Relevant erfaring i kombinasjon med utdanning på bachelornivå kan kompensera for utdanningskravet.
- Erfaring frå sakshandsaming og publikumskontakt, fortrinnsvis innan sivil rettspleie og/eller forvaltning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Gode IT-kunnskapar.
- Førarkort kl. B.
- Det vert krevd økonomisk vederheftighet.
Ynskjelege:
- Inngåande kjennskap til regelverket seksjonen forvaltar
- Kjennskap til politiet sina datasystem.
- Erfaring frå arbeid innan den sivile rettspleien.
- Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming.
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlige egenskaper
Me treng at du:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Har omstillingsevne og omstillingsvilje.
- Er sjølvstendig, initiativrik og motivert.
- Er ansvarleg og påliteleg.
- Er effektivt, nøyaktig og løysingsorientert.
- Er imøtekomande og tillitskapande.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevissthet, du vert kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorienter, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om våre etiske retningsliner og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida.
- Stillinga lønast som rådgjevar (stillingskode 1434), fra kr 590.000,- brutto per år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no).
- Gode arbeidsbetingelsar (f.eks. fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l.).
Politiet meinar at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me tilrettelegga for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verta vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar me deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar i sine årsrapportar.
Du kan lesa mer på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan verta offentleggjorte sjølv om du har anmoda om ikkje å verta ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Sør-Vest politidistrikt har om lag 520.000 innbyggjarar fordelt på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekkjer seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.
Politidistriktet har om lag 1200 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg leiar for Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.
Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Hovudmålsettinga for distriktet er å møte publikum sine behov for tryggleik, lov og orden.
Stord politistasjonsdistrikt omfattar kommunane Stord, Bømlo og Fitjar. Politistasjonsdistriktet har per i dag 41 tilsette. Driftsenheita har hovudsete i Leirvik på Stord, som er regionssenter i Sunnhordland. Høgskulen på Vestlandet har eit variert utdanningstilbod og området kan by på eit variert fritidstilbod. Det er direkte båt til Bergen og bussamband til Stavanger og Bergen. Stord lufthamn har flyavgangar til/frå Oslo. Polititenesta gir tryggleik til om lag 35.000 innbyggjarar
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vabakkjen, 5414 Stord
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385759974
- Sist endret