Seniorrådgjevar
Statsministerens kontor
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ein dyktig taleskrivar og kommunikasjonsrådgjevar
Om stillinga
Det er ledig ei fast stilling som taleskrivar og kommunikasjonsrådgjevar i Kommunikasjonsseksjonen ved Statsministerens kontor. Me søkjer deg som skriv drivande gode talar på norsk og engelsk. Du vil hovudsakeleg skrive talar og andre tekstar, men vil også vere kommunikasjonsrådgjevar som løyser seksjonens mange andre oppgåver. Du trivst på reisefot og med høgt tempo, og er glad i å jobbe med andre.
Som medarbeidar i Kommunikasjonsseksjonen ved Statsministerens kontor blir du del av eit lag med sju erfarne kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.
Arbeidsoppgåvene i seksjonen er mellom anna å gje råd og leggje til rette for statsministerens og kontorets mediekontakt og krisekommunikasjon, skrive talar og planleggje reiser og ulike aktivitetar. Me jobbar for å nå ut til publikum med relevant og viktig informasjon via regjeringa.no og sosiale medium. Me samarbeider tett med politikarane, departementa og andre aktørar i kommunikasjonsarbeidet.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Kvalifikasjonar:
Du må
- ha relevant høgare utdanning, med fullført grad på bachelorgradnivå. Relevant erfaring kan i visse høve kompensere for kravet til utdanning
- ha interesse og god forståing for politikk og samfunnsliv
- ha erfaring frå relevant kommunikasjonsarbeid, taleskriving, journalistisk arbeid eller bokskriving
- raskt kunne sette deg inn i nye fagfelt, og kunne forklare kompliserte tema på ein enkel måte
- kunne formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på bokmål, nynorsk og engelsk i ulike sjangrar
- ha god kunnskap om offentleg sektor og politikk i inn- og utland
Personlege eigenskapar:
Me søkjer ein person som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Du er kunnskapsrik, og kan sjå samanhengar mellom ulike sektorar og fagfelt. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner, god vurderingsevne og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert, og kan kaste deg rundt når det trengs. Du har stor arbeidskapasitet, set deg raskt inn i ulike saker og trivst med eit høgt arbeidstempo. Du er fleksibel, og ikkje redd for å ta på deg nye oppgåver.
Vi tilbyr
Stillinga har stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønn blir fastsett individuelt og vil liggje i spennet frå 700 000 til 1 000 000 kroner brutto og med godtgjering for overtidsarbeid. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vere aktuelt. Du må rekne med reiseverksemd, og morgon-, kvelds- og helgearbeid.
Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast for STRENGT HEMMELEG.
Søknadsfrist: Fredag 31. januar
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, tlf. 99 21 46 10 eller avdelingsdirektør Åsta Skre, tlf. 22 24 40 22.
Generell informasjon
Statlege arbeidsplassar skal spegle mangfaldet i samfunnet og gjere nytte av kompetansen til den enkelte. Me oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me vil gjerne ha søknad frå deg som har stått utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og som fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten)
Me oppfordrar alle som søkjer til å laste opp vitnemål frå Vitnemålsportalen (https://www.norge.no/nb/tjeneste/vitnemalsportalen)og leggje ved søknaden, saman med kopi av relevante attestar.
Om arbeidsgiveren
Statsministerens kontor er felleskontor for regjeringa, og har arbeidsgivarfunksjon for alle politikarane i departementa. Statsministerens kontor hjelper statsministeren med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, blant anna ved å førebu, gjennomføre og følge opp regjeringskonferansane og Statsrådet sine møter hos Kongen.
Kontoret samordnar kontakten mellom regjeringa og Stortinget, inkludert regjeringsmedlemmenes deltaking i Stortingets spørjetimar og i enkelte debattar. I tillegg hjelper kontoret statsministeren i det internasjonale arbeidet. Kontoret har i dag ein politisk stab på ni personar og ein fast stab på om lag 60 personar. Den faste staben er fordelt på Administrativ og konstitusjonell avdeling, Innanriksavdelinga, Internasjonal avdeling og Kommunikasjonsseksjonen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Glacisgata 1, 0150 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Journalist, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385770731
- Sist endret