Seksjonsoverlege for fag, forskning og utvikling
Helse Bergen
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsoverlege for fag, forsking og utvikling
Vil du vere med å leie og vidareutvikle eit godt fagleg og organisatorisk arbeid i Kvinneklinikken i Helse Bergen?
Vi søker etter deg som vil vere med å vidareutvikle Kvinneklinikken i Helse Bergen. Vi vil styrke organisasjonen fagleg ved å tilsette ein seksjonsoverlege med ansvar med fag, forsking og utvikling. Stillinga inngår i klinikken si leiargruppe og rapporterer til klinikkdirektør. Stillinga kan kombinerast med inntil 40% klinisk arbeid eller forsking.
Kvinneklinikken i Bergen (KKB) er ei av landets største føde/barseleiningar, med om lag 4500 fødslar i året. Klinikken har òg ein stor gynekologisk avdeling der vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar og reproduktiv helse. Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar og har regionansvar for behandling av gynekologiske kreftsjukdommar.
Målet for arbeidet vårt er å gi eit godt fagleg tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt. Vi satsar mykje på kvalitetsarbeid, forsking og systematisk fagleg utvikling for til ei kvar tid å kunne tilby pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging.
Arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling i klinikken, inkludert fast deltaking i utdanningsutvalet
- Strukturere, leie og vidareutvikle forskingssatsinga i klinikken
- Medverke til å utvikle eit trygt, sjølvstendig og godt fagleg felleskap med særskilt ansvar for legegruppa
- Hovudansvar for klinikkovergripande problemstillingar knytta til legegruppa
- Samarbeide med andre relevante avdelingar i og utanfor sjukehuset
- Leie og samhandle tett med driftskoordinator for legetenestene
- Sørge for medisinske prioriteringar og fordeling av ressursane innad i, og mellom seksjonane
- Stedfortreder for ass klinikkdirektør
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdommer
- PHD er ein fordel, men ikkje eit krav
- Leiarerfaring/leiarutdanning er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Må beherske norsk eller et skandinavisk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- skapar gode relasjonar og samhald
- er inkluderande og involverande
- arbeider planmessig og strukturert
- er lojal til sjukehuset sine verdiar og speglar desse i veremåten din
- har god organisasjonsforståing, tenkjer heilskap og evner å sjå komplekse samanhengar og dilemma
- har gjennomføringskraft og toler å stå i endring og utvikling
- klarer å kombinere god leiing med høgt fagleg fokus
- trivst med å motivere og samle dei tilsette om felles mål
- bidrar til eit godt og lærande arbeidsmiljø
- har sterke problemløysingsevne og kan initiere forbetringar og nye prosjekt
- har gode samarbeidsevne og evne til å bygge sterke team
- har evne til å prioritere og organisere arbeidsoppgåver effektivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsoverlege KK, fag, forsking og utvikling, Kvinneklinikken, Haukeland sykehus, overlege
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385835580
- Sist endret