Bildegalleri
VESTLANDSVEGAR / FLEIRE VESTLANDSVEGAR - Halvor Folgerø
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Har ryddet i hyller og kasser.
Selger VESTLANDSVEGAR OG FLEIRE VESTLANDSVEGAR - Halvor Folgerø.
SELGES SAMLET 550 KR
VESTLANDSVEGAR - Historier om farlege og spektakulære vegstrekk:
Om livet på farlege vegar.
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.
Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.
Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen. Boka er rikt illustrert med gamle og nye bilete frå eit utval av Noregs farlegaste og mest spektakulære vegstrekk.
FLEIRE VESTLANDSVEGAR - Frå Trollstigen til Djevelens veranda
I «Fleire vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifjell og vegknutepunktet Lærdal, men også meir ukjende som Austefjordvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen. Vi møter nokre av dei som har brutale erfaringar frå livet på smale, svingete og farlege vegar. Frå den berykta rasstrekninga på gamle E69 ved Åndalsnes og sørover til den såkalla Djevelens veranda i Eigersund.
Boka er full av gode historier frå nær fortid då det var nødvendig å vera kreativ for å koma fram. Det handlar om bilmekanikaren som redda ferien då han fiksa ein sprokken bensintank med sterilansåpe, om trailersjåføren som blei ufrivillig jordfar på veg opp Hemsedalsfjellet, og om elefantane til Sirkus Arnardo som måtte leiast gjennom dei låge tunellane ved Saudafjorden. Sirkusarbeidarane måtte gå laus på tunelltaket med hakker og slegger for å få bilane gjennom.
Se mine andre annonser også. Mye bra for en billig penge.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 21.12.2024 kl. 15:22 ・ FINN-kode: 385889377