Mekanikar
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 20.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye mekanikar i eit banebrytande mineralprosjekt?
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og startar mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024. I den forbindelse treng vi fleire på teamet. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
I stillinga som mekanikar treng vi deg som er nyutdanna, men og deg med lengre erfaring i frå faget som er nysgjerrig og motivert for nye utfordringar. Er du i tillegg løysingsorientert og stadig jaktar den optimale løysinga, vil du passe godt inn i resten av teamet.
Ønska kvalifikasjonar og erfaringar:
- Fagbrev og/eller erfaring frå mekanikarfaget
- Erfaring frå hydraulikk, smøre og kjølesystem
- Erfaring med girkasser, transmisjon og steinknusere
- Skifting av plater og slitedeler, reperasjon av stålkonstruksjoner etc
- Sveise 111-136/138 -141, Svart, rustfritt, CuNi og PE
- Vedlikeholdplanlegging
- Kunnskap om grunnleggende HMS-verktøy og prosessar
- Førerkort klasse B
- Sertifikat på truck og kran
- Beherske bruk av IT verktøy i arbeidskvardagen
Vi ønsker gjerne at du søker uansett alder, kjønn eller etnisitet. Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for utvikling og kvalitet i vårt arbeid. Arbeidspråk er norsk, og du må difor ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk skriftleg og muntleg.
Arbeidstad er på Engebø i nye kontor og produksjonsbygg. Arbeidstida er dagtid.
Vi tilbyr ein unik mogligheit, og rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du meinar ein må prioritere.
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Engebø, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Sveiser
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
industrimekaniker, vedlikehold, mekaniker, automasjonsmekaniker, Nordic Mining
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 386046993
- Sist endret