Intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar
Helse Bergen
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Vi søkjer dyktige intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar til våre intensiv- og postoperative seksjonar. Her får du anledning til å arbeide saman med engasjerte og høgt kvalifiserte kollegaer. Les meir om avdelinga her.
Som ein del av vårt team vil du bidra til avansert pasientbehandling og overvaking, både innan intensivmedisin og postoperativ pleie.
Vi ser etter deg som er utdanna intensivsjukepleiar eller sjukepleiar med eit sterkt fagleg engasjement, og som set pasientsikkerheit i fokus. Du er ein lagspelar som ønskjer å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. I tillegg har du evne til å handtere utfordrande situasjonar på ein strukturert og trygg måte.
Spesifiser i søknaden kva for seksjon du ønskjer å jobbe i. Slik kan avdelingssjefen gje aktuell seksjonsleiar tilgang til søknaden din. Det er òg mogleg å jobbe i ei stilling som er delt mellom to av seksjonane. Tilsetjinga føreset arbeid i tredelt turnus.
Postoperativ Glasblokkene er lokalisert over to etasjar. Vi overvakar og behandlar pasientar etter obstetrisk og gynekologisk kirurgi, endokrinkirurgi og augekirurgi. I april 2024 utvida vi drifta til postoperativ overvaking etter barnekirurgi. Vi ser no etter deg som deler vår interesse for kvinnehelse og barn, og som ønskjer å bidra til vidare vekst og suksess. Vi vil utvikle vår kompetanse og drift på tvers av etasjane, for både barn og vaksne.
Kontakt: Seksjonsleiar Laila Hauge, tlf 949 76 561.
Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der vi overvakar og behandlar om lag 12 000 pasientar årleg. Postoperativ seksjon overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar òg imot eit stort tal øyeblikkeleg hjelp- og traumepasientar.
Kontakt: Seksjonsleiar Benedicte Mjelde Vogt, tlf 55 972 436/ 996 42 393.
Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretek hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å utvikle deg fagleg både for intensivpasienten og den postoperative pasienten.
Kontakt: Seksjonsleiar Marianne Årvoll, tlf 55 970 376/977 72 254.
Vi ønskjer oss intensivsjukepleiarar som vil ha fagleg vekst, varierte og spennande utfordringar. Vi vil kontakte aktuelle kandidatar fortløpande.
Vi treng deg, du er viktig for oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for overvaking, intensivbehandling og sjukepleie til pasientar i akutt og postoperativ fase
- Arbeidsoppgåvene og prosedyrane er allsidige og varierte, du skal følgje opp pasientane i det tverrfaglege miljøet
- Rettleiing av studentar og kollega
- Ivareta pårørande
- Arbeid på tvers av seksjonane er forventa
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og /eller sjukehuset si utvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med erfaring. Nokre av stillingane krev vidareutdanning innan intensivsjukepleie
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Kan effektivt organisere og administrere eige arbeid
- Kunne utføre sjølvstendig arbeid innanfor arbeidsområdet
- Personlege eigenskapar vil bil vektlagt
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Dyktige medarbeidarar
- Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Faglege utfordringer og ein allsidig arbeidskvardag
- Avsette dagar i turnus til fagleg utvekling
- Variert pasientgrunnlag og god breiddekunnskap
- Tilrettelegging for gode opplæringsvilkår for nytilsette
- Fokus på å investere i medarbeidarane våre og utarbeide gode arbeidsplanar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Intensiv, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
intensivsjukepleiar, sjukepleiar, intensiv, postoperativ
Annonseinformasjon
- FINN-kode 386061063
- Sist endret