Bildegalleri
Mediesosiologi
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Emne: Samfunnsfag
Boka gir oversikt over fagfeltet mediesosiologi og er meint som ein vegvisar til forskinga på området. Den overordna problemstillinga er forholdet mellom media og samfunn, og forskingshistorie og teoretiske retningar blir gjennomgått. Forfattarane presenterer også sentrale studiar om medias rolle i samfunnsutviklinga, kva dei har å seie for demokrati, identitet og sosial ulikskap, og kva rolle dei spelar i ei globalisert verd. Den nye utgåva er oppdatert med ny empiri og nye skildringar av strukturar og reguleringar i mediesektoren. Boka har også med fleire mediesosiologiske perspektiv, slik som ritualteori og forsking knytt til generasjonsforskjellar. Toril Aalberg (f.1970) er professor i sosiologi ved NTNU. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna politisk kommunikasjon, offentleg opinion, politisk deltaking og mediebruk. Eiri Elvestad (f.1970) er førsteamanuensis i sosiologi ved Høgskolen i Vestfold. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna lokale medium, medieglobalisering, mediebruk, ungdom og kjønn i media. BASIS er ein serie kortfatta oversynsbøker om sentrale tema i sosiologi. Bøkene oppsummerer og drøftar ulike retningar, perspektiv og forskingstradisjonar og gir god oversikt over dei ulike felta. Kvar bok inneheld ein kommentert bibliografi og eit temaregister slik at ho utgjer eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med temaet.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 26.12.2024, 18:50 ・ FINN-kode: 386332568