Bildegalleri
Fjordhest med stort potensiale vurderes solgt
Beskrivelse av varen
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2021
Bø Ovin født 2021 vurderes solgt dersom rett heim dukkar opp!
e;Birkelid Owen, u;Bø Lerka
Ovin er ein stor fjording som viser stort potensiale til å bli ein super allroundhest med rett trening.
Han er alltid den som står klar med grinda og elskar å bli brukt, men han kan også stå timesvis å bli dulla og kosa med i stallen.
Eg kjøpte han når han var 6mnd gammal og han har sidan det vøre hos meg. Vi har brukt mykje tid på håndtering og miljøtrening heilt frå starten av, og han er vokst opp til å bli ein ukomplisert og høflig herremann!
Ovin vart stilt på unghestskue som 2års med karakterane 8-8-8-8-7,5-8 og heilhet eksteriør 8.
Ovin er vokst opp kun med ein hestekompis fast, han er derfor godt vandt til å bli ståande igjen aleine både i stall og paddock medan kompisen er vekke på tur. Blir verken stressa eller utålmodig :)
Han har stått på sommarbeite i flokk og vil sei han er lav på rang, alltid den første som trekker seg vekk dersom det oppstår uenighetar, men samtidig veldig kontaktsøkande til andre hestar og blir gjerne med på ein leik.
Som 2-åring var Ovin til innkøyring hos Jonas Vevle i 1mnd og vart henta heim med mykje god tilbakemelding og stor framgang på kort tid!
Han er dessverre lite køyrt pga mi interesse, men vil bli køyrt regelmessig fram til eit eventuelt salg. Han er derimot mykje tømmekøyrt både på tur, utebane og i ridehus.
Ovin er veldig følsom og lydhøyr. Han er trent på faste kommandoer heile livet, noko som gjer det veldig kjekt å trene forskjellige øvelser og overganger med han.
Ovin har blitt sparsomt brukt i dei største vekstperiodene for å ta vare på kroppen. Det er ikkje å legge skjul på at han er blitt ein høg og velbygd hest!
Innridinga starta vi først etter beitesesongen i 2024 og han har blitt regelmessig ridd sidan det. Vi har lagt gode rutiner frå starten og hittil har han tatt alt på strak hov!
Ridemessig er han følsom for bruk av setet og kommandoar. Han har god motor og går på eiga maskin. Ein treng strengtatt ikkje å ha på hodelag for å stoppe/starte og ri overganger på denne hesten, så godt som han kan beskjedane sine😅
Ovin er ridd aleine både i ridehus, på ridebane og på tur. Utanfor ridehuset treng han forløbig ein uredd og stødig rytter dersom han er på tur aleine, som han kan støtte seg på når han blir usikker.
Eg starta tidlig hengartrening med Ovin og har tatt han med meg på fleire kurs aleine.
Både korte og lange turar med hengar, utan problem. Han lastar og losser seg på/av henger sjølv og står stødig som eit fjell under heile turen. Likar godt å bli med på ein hengartur!
Stått mest aleine på hengar, men ikkje vøre noke problem dei gangane han har stått med andre.
Uproblematisk på nye plassar. Sjølvsagt litt spennande og han er som unghester flest litt ivrig, men han er enkel å korrigere og lander fort!
Ellers er Ovin vandt til å være med på tur som handhest. Han er mykje longert, samt med på tur der han får springe laus i skog og terreng medan eg rir kompisen :) Flink å fote seg i terrenget!
Ovin er fulgt opp med alt han treng av hovslager, vaksiner og tannstell. Aldri vært skadet eller halt.
Han vart kastrert som føll i forbindelse med operasjon av brokk.
Eg ynskjer at Ovin kjem til nokon som vil utdanne han vidare og gjerne få vist han fram i sporten, men at ny eigar vil bruke han til konkurranse er på ingen måte eit krav! Det absolutt viktigaste er at han kjem til noken som tek godt vare på han, er rettferdig og ikkje lar han stå til pynt.
Ønsker helst å selge til noken som veit kva det innebærer å ha unghest, eventuelt noken med god oppfølging og eit godt treningsopplegg!
Mitt mål med Ovin var å få han klar til BUF på fjordhest NM, men ettersom at kompisen er gammal og sjuk, velger eg i den forbindelse å ta ei hestepause.
Her er ein stor mulighet for å få forma drømmehesten sin sjølv, med ein unghest som allerede er godt på veg.
Ovin selgast med mykje utstyr inkludert, men har også ein del som kan kjøpas med mot tillegg i pris! Utstyrsliste kan sendast ved seriøs interesse.
Det er tusen ting eg kunne skrevet om Ovin og dersom han høyrest ut som ein match for deg, ynskjer eg i førsteomgang at du tar kontakt på melding på finn eller til tlf; 95081330. Skriv gjerne litt om deg og kva du kan tilby Ovin!
Kun seriøse henvendelser vil bli besvart.
Bilder og videoer ligg ute i eiga "historie" til Ovin på Instagram: malenareed_
Ovin kan sjåast og prøvast etter avtale.
Langtidsheilfòr kan være aktuelt.
Middels prisklasse!
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.1.2025, 13:10 ・ FINN-kode: 387050121