Intensivsjukepleiar/ erfaren sjukepleiar
Helse Bergen
- Frist 24.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Intensivsjukepleiar/ erfaren sjukepleiar til 100% fast stilling
OM STILLINGA:
Intensiv avdelinga ved Voss sjukehus søker ny medarbeidar, og ser etter deg som er intensivsjukepleiar, er sjukepleiar med erfaring frå akutt kritisk sjuke pasienter eller sjukepleiar med interesse for den nyopererte pasienten. Vi kan tilby allsidige og faglegeutfordrande arbeidsoppgåver saman med gode arbeidskollegaer.
OM AVDELINGA:
Intensiv er ei kombinert medisinsk/ kirurgisk intensiv og overvakingsavdeling med totalt14 senger. Intensiv gir både invasiv og noninvasiv respirasjonstøtte, og handterer dei fleste typerintensivpasientar. Dei mest kompliserte intensivpasientar blir stabiliserte før transporttil Haukeland sjukehus. Avdelinga bidrar inn i traumemottak samt kollegastøtte ut på sengepost, og vi hartelemetriovervaking for sengepostane.
Avdelinga fungerer som postoperativ oppvakingspost for elektive og ØH pasientar, og har ansvar for drift av dagkirurgiske forløp. Personalgruppa har ein fin aldersmessig variasjon, og består av både kvinner og menn medhovudvekt av intensivsjukepleiarar.
LITT OM VOSS SJUKEHUS:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi oganestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ønsker å fortsette denpositive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordeltpå seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen, Sogn og fråHardanger.
LITT OM VOSS:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve tilnaturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulikeidrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømesEkstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagarog ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og deter eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er godkommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar
- Ivareta pårørande
- Samarbeide og utvikle tverrfaglege team
- Sjukepleie ved dagkirurgiske forløp
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samarbeid på tvers av avdelingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning som intensivsjukepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå arbeid med akutt kritisk sjuke pasientar
- God IKT-kompetanse
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- God evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Du tar ansvar og jobbar strukturert og nøyaktig
- Du må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel og har gode kommunikasjonsevner
- Du bidrar aktivt for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Som sjukepleiar har du gjerne eit ønskje om vidareutdanning i intensivsjukepleie
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø som medverkar til fagleg og personleg utvikling
- Fokus på fag og simulering
- Kompetanseutvikling med kompetanseplan/mål
- Ein sosial og aktiv arbeidsplass, med varierte arbeidsoppgåver
- 3-delt turnus med 16 arbeidshelger
- Nytilsett program
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Anestesi, Intensiv, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Intensivsjukepleiar, erfaren sjukepleiar, Intensivsykepleier, sykepleier, Voss sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387117301
- Sist endret