Faste helgestillingar i 14% (3. kvar helg) og 21% (2. kvar helg) i Omsorgstenesta vest Utneheimen
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Utneheimen
- Stillingstittel
- Faste helgestillingar i 14% (3. kvar helg) og 21% (2. kvar helg) i Omsorgstenesta vest Utneheimen
- Frist
- 19.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om arbeidsplassen:
Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, kjøken og heimetenester. På kjøkenet lager ein mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og som ikkje klarer å lage mat sjølv. Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 70 pasienter.
I omsorgstenesta vest har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø. Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag .
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
God opplæring vert gitt
Arbeidsoppgåver:
- Legemiddelhandtering, gjeld faglærte
- MIljøarbeid
- Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
- Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Halde seg fagleg oppdatert
- Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem (Profil). Nytt journalsystem, Aiden, vert innført i starten av 2025
- Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
- Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Ynskte kvalifikasjonar:
- God skriftleg og munnleg norskkunnskap
- Helsfagarbeidar/hjelpepleiar, ufaglærte kan søkje og verta vurdert
Personlege eigenskapar:
- Positiv og godt humør
- Engasjert
- Endringsdyktig
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
- Førarkort klasse B
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn etter hovedtariffavtalen
- Løn etter avtale (avhengig av stilling)
- Rekrutteringsavtaler
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og godepermisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Politiattest
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 387140444
- Sist endret
- 03. jan. 2025 06:53