Funksjonsleiar BUP-Stord
Helse Fonna HF
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Funksjonsleiar, Allmennpoliklinikk BUP-Stord
Vil du vere med å sikre barn og unge den helsehjelpa dei treng, når dei treng det?
Allmennpoliklinikken for barn og unge (BUP) gir spesialistheilsetenestar til barn og unge (0-18 år) i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg spesialistkompetanse.
Som funksjonsleiar har du fag- og personalansvar, og du er avgjerande for kvaliteten i pasientbehandlinga, samhandlinga med primærhelsetenesta og utviklinga av tilbodet vårt. Du leiger eit engasjert team av fagfolk, inkludert barnevernspedagog, lege, pedagog, psykolog, sosionom og sykepleiar, og jobbar tett med andre leiarar i avdelinga.
Rolla krev ei strukturert og involverande leiarform, evne til å sjå heilskap og god systemforståing. Du trivst med samarbeid, både internt og eksternt, og inspirerer andre til å jobbe mot felles mål. Vi tilbyr ei nøkkelrolle i ei avdeling som legg vekt på utvikling, samhald og gode arbeidsvilkår.
Vårt opptaksområde dekkjer seks kommunar i vakre Sunnhordland, med eit miljø prega av nærleik, lokalkunnskap og felles ambisjonar om å gjere ein forskjell.
Arbeidsoppgåver
- Fag- og personalansvar for allmennpsykiatrisk poliklinikk
- Sikre god kvalitet i pasientbehandlinga
- Pasientoppfølging både poliklinisk og ambulant
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet og andre einingar i klinikken
- Stimulere til opplæring og utdanning
- Sikre god koordinering av dagleg drift
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg eller sosialfagleg utdanning med vidareutdanning (psykisk helse)
- Fortrinnsvis høgare helsefaglig profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
- Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring fra systemarbeid og endringsprosessar
Personlege eigenskapar
- Har evne til å planlegge og organisere arbeidet ditt på en strukturert og effektiv måte
- Er ein involverande og samlande leiar som byggjer team og fremjar samhald.
- Har evne til å sjå heilskap og ein sterk systemforståing, med fokus på samanheng i tenestene.
- Likar å samarbeide tett med tilsetje og leiargruppa for å oppnå felles mål.
- Har gode ferdigheiter i kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, til dømes i samhandling med eksterne partar, i klagesaker og liknande situasjonar.
- Er komfortabel med komplekse utfordringar og finne løysingar som krev gjennomføringsevne.
- Er motivert av å utvikle både team og tenester som gir varige resultat for barn og unge.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi dette til kjenne i søknaden.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
BUP, Stord, Leder, Allmennpoliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387250500
- Sist endret