Dagleg leiar
Bømlo vatn og avløpsselskap AS
- Frist 29.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie ei av Noregs mest samfunnskritiske næringar på Bømlo?
Bømlo er vill og vakker natur. Bømlo er industri og skaparvilje. Bømlo er menneska. Med kvalitet og kompetanse først, jobbar de tilsette i Bømlo vatn og avløp kvar dag for å sikre at bømlingane – og næringslivet vårt – har tilgang til trygt, reint og påliteleg vatn. Det krev godt lagarbeid, god planlegging, etablerte rutinar - og vilje til å prøva ut ny teknologi. Vårt drikkevatn er faktisk i Noregstoppen!
Bømla-samfunnet og næringslivet satsar offensivt. Me skal syte for nok godt vatn til både industri og innbyggjarar. No ser me etter ein dagleg leiar som kan vidareføre ein veletablert og effektiv organisasjon med engasjerte tilsette og spanande prosjekt. Dette er ei operativ leiarrolle der ditt nærvær og involverande leiing er essensielt for at me saman når våre mål.
Som dagleg leiar vil dine hovudfokus vere å:
- Ha overordna ansvar for både strategisk og operativ drift, inkludert økonomistyring og ressursplanlegging
- Syte for god organisering og effektive rutinar for drift og prosjektgjennomføring
- Sikre økonomisk berekraft ved å leie og følgje opp investeringsprosjekt
- Fremje ein kultur prega av høgt engasjement, godt samarbeid og kompetanseutvikling
- Bidra til god kommunikasjon og samordning internt i organisasjonen og med eksterne aktørar
- Ta aktiv del i tekniske diskusjonar og vere ein pådrivar for innovasjon og utvikling
Nokre av dine styrke som leiar er at du viser retning og byggjer gode relasjonar både internt og eksternt. Du er rett og slett «god med folk» og har eit sterkt fokus på å skape eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og trivsel.
Av formell kompetanse ser vi for oss at du har høgare utdanning innan leiing, økonomi eller tekniske fag. Erfaring med prosjektleiing og infrastrukturprosjekt frå entreprenørbransjen vil vere ein fordel men ikkje eit krav. Det viktigaste for oss er at du har evna og interessa for å ta ei aktiv del i tekniske diskusjonar og bidra til å identifisere og implementere framtidige løysingar – både tekniske og økonomiske.
I tillegg til å ha solid leiarerfaring, er det først og fremst avgjerande at du forstår, og ikkje minst motiverast av samfunnsoppdraget vårt. Du må trivast med å vere involvert i den daglege drifta, samtidig som du har evna til å utvikle og implementere langsiktige og strategiske planar.
Alle henvendingar vil bli behandla konfidensielt inntil anna er avtalt. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om det er bedt om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Søkjarane vil i så fall bli varsla om dette, og dei vil få høve til å trekkja søknaden dersom dei ønskjer det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hollundsdalen 21, 5445 Bremnes
- Bransje: Bygg og anlegg, Miljøtjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Prosjektledelse, Teknisk personell
Nøkkelord
Organisasjonsutvikling, VA-prosjekter, Prosjektledelse, Ledelse, Teknisk leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387259096
- Sist endret