Driftsoperatør
Bykle
- Frist 17.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Driftsoperatør
Vil du vere med på laget?
Teknisk drift- og eigedom søkjer etter ein driftsoperatør i 100 % stilling som ønskjer ein spennande og variert kvardag. Stillinga ligg under fagområde Vatn, Avlaup og Veg, og som driftsoperatør vil være med på drift og uvikling av dei kommunale VA- og Veganlegga i Bykle og på Hovden.
Vi søkjer primært etter ein person med erfaring innan arbeid med vatn og avlaup og/eller veg og som har fagbrev eller driftsoperatørutdanning innan VA-relaterte fagområder.
Du vil ha ansvar for løpande drift og vedlikehald av kommunale VA- og veganlegg, slik at dei er i samsvar med forventingar og gjeldande krav. Du vil også vere delaktig i utvikling av desse anlegga. Du vil vere ein del av kommunen sitt erfarne driftsteam.
Arbeidsoppgaver
- Drifts- og vedlikehaldsarbeid på kommunale vass- og avlaupsanlegg, prosess-styring, betene sentral driftsovervaking, arbeidsoppgåver som omfattar kjemi og fysikk i praksis og prøvetaking.
- Vedlikehald av kommunale vegar.
- Delta i kommunalteknisk vakt. Det er eit krav om at ein skal opphalde seg i nærområde når ein har vakt, slik at maksimal utrykkingstid er 45 min.
- Delta i FDV-planlegging.
- Oppfølging av IK-system.
- Utføre ettersyn av maskinar og utstyr.
Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver. Det blir utarbeidd stillingsomtale.
Du må vere villig til å ha ansvar for lærlingar.
Kvalifikasjoner
- Relevant fagbrev innan VA-relatert område (maskin, røyrleggjar, elektro osv.) eller driftsoperatørutdanning. Det vil også telle positivt med ytterlegare utdanning (eks. fagskule). Anna dokumentert erfaring kan kompensere for fagbrev.
- Det er ein fordel med sertifikat på traverskran, personløftar og arbeidsvarslingskurs.
- Gode datakunnskaper, forståing og vilje til bruk av digitale og elektroniske verktøy er naudsynt.
- Den som blir tilsett må vere serviceinnstilt, løysningsorientert, kunne arbeide sjølvstendig og i team og vere oppteken av HMS.
- Søkjer som ikke har gjennomført Norsk Vann sine driftsoperatørkurs, må forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning etter tilsetjing.
- Søkjer må beherske skriftleg og munnleg norsk.
- Det er ein fordel med førarkort klasse BE.
Personlige egenskaper
- Serviceinnstilt, positiv, fleksibel og ansvarsfull
- Målretta, systematisk, og løysingsorientert
- Sjølvgåande, engasjert og beslutningslojal
- Evne og vilje til teamarbeid
- Gode evner til kommunikasjon og til å skape gode relasjonar
- Har bevist forhald til helse, miljø og tryggleik
Personlege eigenskapar vektleggjas på lik linje med kvalifikasjoner.
Vi tilbyr
- Eit spanande og variert arbeid med moderne og avanserte verktøy, i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
- Arbeidsbil.
- Løn ihh.t einkvar tid gjeldande tariff.
- Særavtale for vaktordninga.
- God pensjons- og forsikringsordning
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Namnet på søkjarar blir vanlegvis offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit. Då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hartevatn Industriområde 11, 4755 Hovden i Setesdal
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Maskinfører og -operatør, Rørlegger
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387297635
- Sist endret