Automatiker
Hardingsmolt AS
- Frist 17.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Hardingsmolt AS søkjer automatikar
Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av t.d.:
- tilsyn, vedlikehald, oppgradering og feilsøking av anlegg og komponentar
- tilsyn av renseanlegg og sensorikk knytt til disse
- registrering av kontrollparameter
- oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
- røkting og tilsyn av fisk
- deltaking i større operasjonar knytt til mottak og levering av fisk
- mulighet for å inngå i vaktordning
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for oppdrett, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- fagbrev som automatikar
- kompetent og sjølvgåande problemløysar
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet rundt deg
Hos oss vert du del av eit dyktig team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs.
Me kan tilby
- konkurransedyktige vilkår.
- for den rette kandidaten er det mogelegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen.
- veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar.
Om arbeidsgiveren
Hardingsmolt AS er ein settefiskprodusent lokalisert i kommunane Kvam og Fitjar. Selskapet har dei siste åra gjennomført ein omfattande utvikling av produksjonsanleggene med landbasert resirkuleringsteknologi i Tørvikbygd, og lukka, merdbasert oppdrett ved lokaliteten Koløy N. No står selskapet ovanfor ein spennande fase med ytterlegare produksjonsvekst i Tørvikbygd.
- Sektor: Privat
- Sted: Lysevegen 20, 5620 Tørvikbygd
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
automatiker, renseanlegg, sensorikk, feilsøking
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387744584
- Sist endret