Helsesekretær 67% fast stilling.
Øygarden kommune
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Barn unge og familietenester
Om avdelinga:
Tenesta består av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar.
I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, miljøarbeidar og legar.
Det er no ledig 67% fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær, frå 1.april 2025.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid i resepsjon på helsestasjon
- Handsame post elektronisk og på papir
- Journalarbeid
- Bestille utstyr
- Gje timeavtaler pr. telefon, SMS og brev.
- Avbestille/omorganisere timer
- Ta ut rapporter frå journalsystem
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Autorisert helsesekretær/medisinsk sekretær
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid i helsestasjonstenesta
- God kjennskap til elektronisk journalsystem
- Fleksibel
- Strukturert
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig
Anna:
Du vil være lokalisert på Ågotnes helsestasjon og på Straume helsestasjon når du arbeider på fredagar.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
For nærare opplysningar om stillingane. Ta kontakt med:
Louise Armond, avdelingsleiar, telefon: 41308182
Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 2, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387758521
- Sist endret