Verneområdeforvaltar
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat Nærøyfjorden og Stølsheimen
Om stillinga
Statsforvaltaren i Vestland har ledig vikariat som verneområdeforvaltar for Nærøyfjorden og Stølsheimen. Arbeidsstad er Aurland, og det er ei 100 prosent stilling i eitt år. Den som blir tilsett samarbeider tett med andre verneområdeforvaltarar i fylket og med Statens naturoppsyn.
Statsforvaltaren samarbeider med lokale, regionale og nasjonale myndigheiter, politikarar, grunneigarar, reiselivsverksemder og andre organisasjonar. Du finn meir informasjon her: Nærøyfjorden landskapsvernområde (https://www.nasjonalparkstyre.no/Naroyfjorden/verneomrader/naeroyfjorden-landskapsvernomrade) og Stølsheimen landskapsvernområde (https://www.nasjonalparkstyre.no/Stolsheimen/verneomrader/Stolsheimen-landskapsvernomrade).
Arbeidsoppgåver
- Saksførebuing for verneområdestyret
- Planlegging og oppfølging av tiltak og prosjekt
- Arbeid med forvaltningsplanar
- Formidling i ulike forum og plattformer
- Andre oppgåver innan verneområdeforvaltning kan bli aktuelle
Kvalifikasjonar
- Naturfagleg utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant arbeidserfaring kan erstatte krav om formalkompetanse.
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå offentleg naturforvaltning, og spesielt frå forvaltning av verneområde.
- Erfaring frå digitalt formidlingsarbeid er ein fordel.
- God lokalkunnskap er ein fordel.
- Førarkort for bil. Du må rekne med noko reising i jobben.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig og pliktoppfyllande.
- Du samarbeider lett med andre og bidrar aktivt til framdrift.
- Du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg på begge målformene.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Onstadvegen 25, 5745 Aurland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Miljøtjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387774069
- Sist endret