VA-Røyrleggar
SARTOR & DRANGE AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi treng deg som har erfaring med VA
Vår VA-avdeling har god arbeidstilgang framover og vi søker derfor:
VA-Røyrleggar
Stillinga inngår i VA-avdelinga.
Arbeidsoppgåver vil vere:
· VA Røyrlegging
· Dokumentasjon av eige arbeid
· Delta i anna anleggsarbeid når kapasiteten gir rom for det.
· Planlegging av eige arbeidsoppgåver
Våre forventningar er at du har:
· ADK-1 og solid erfaring.
· Har ein god kommunalteknisk forståing.
· Erfaring frå prosjekt med offentlege oppdragsgivarar som stiller høge krav til utføring og dokumentasjon, som Bergen Vann, Statens vegvesen eller tilsvarande.
· Kan dokumentere eige arbeid i digitale system
· Førarkortklasse B – fordel med BE.
· Sveisesertifikat for muffe- og speilsveis.
Vi treng deg som trivst med fysisk krevjande arbeid og høg produksjon, men samtidig sikrar at trygg utføring av arbeidet alltid kjem først. Du må vere nøye og strukturert i ditt arbeid og ha god samarbeidsevne med kollegaer og kundar. Du må kunne arbeide sjølvstendig og stole på dine eigne avgjersler.
Vi kan tilby:
· Interessante faglege utfordringar på varierte oppdrag.
· Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
· Trivelege og erfarne kollegaer i eit sterkt fagmiljø med moderne maskinpark og utstyr.
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Thomas Hammersland telefon 98 23 81 83. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande
Om arbeidsgiveren
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 210 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 1 mrd. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentreprisar på bygg. Vi har kontor og verkstad i moderne lokalar med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
- Sektor: Privat
- Sted: Postboks 374, 5343 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Rørlegger, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rørlegger, røyrlegging, sveising, kommunalteknikk, adk 1
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387800181
- Sist endret