Lærlingar i IT-driftsfaget
Vestland fylkeskommune
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Lærling
Lærlingar i IT-driftsfaget
Vestland fylkeskommune er ein av landet sine største lærebedrifter innan IT-driftsfaget (IT), og du vil som lærling dra nytte av eit breitt spekter av arbeidsoppgåver samt instruktørar med spisskompetanse innan sine fagfelt.
Alle lærlingar blir tilsett i administrasjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen der vi har behov for lærlingar. Læreplassane vil ved oppstart vere fordelt på ulike lokasjonar i heile Vestland. Vi rekrutterer lærlingar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeid og opplæring innan alle kompetansemåla i læreplanen for faget, i tillegg til andre driftsoppgåver ved seksjon IKT.Kvalifikasjonar
- Gjennomgått og bestått VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Gjennomgått og bestått VG2 Informasjonsteknologi, lærefag i IT-driftsfaget
- IT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Utviklingsorientert
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Lønn etter tariffavtale
- Strukturert opplæring
- Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
- Fagprøve ved slutten av læretida
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 19
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærling, IT drift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387889905
- Sist endret