Teamleiar ytre miljø
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 31.1.2025
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 750 000 krLønna kan diskuterast med hensyn til erfaringar og kvalifikasjonar.
Mineraleventyret på Engebø treng ein Teamleiar for ytre miljø! Er det deg?
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og i Q4 2024 starta vi offisielt mineralproduksjonen. Vi søker no etter ein leiar for vårt team på ytre miljø. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogittmalm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrot, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
Som teamleiar for ytre miljø får du ein unik moglegheit til å bidra i ein organisasjon i vekst, der berekraft og miljø har høg prioritet. Du vil leie arbeidet med å ivareta miljøkrava og ha ansvar for å følge opp og vidareutvikle miljøovervakingsprogrammet og miljøplanar. I tillegg vil du jobbe tett med leiinga og andre avdelingar for å sikre at både dagbrotet og prosessanlegg opererer i tråd med gjeldande miljøkrav, selskapets berekraftmål, samt nasjonale og internasjonale standardar.
Du vil også ha arbeide med berekraftsrapportering og TSM-rapportering (Towards Sustainable Mining), og sørge for at selskapet oppfyller krava i samband med miljøpåverking, arbeidsforhald og samfunnsansvar.
Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Leie og koordinere teamet for ytre miljø
- Følge opp og oppdatere miljøovervakings-programmet
- Etablere og utvikle rutinar og standard praksis for teamet
- Rapportere på berekraft og miljøprestasjonar i tråd med interne og eksterne krav, inkludert TSM-rapportering og berekraftsrapportering etter relevante standardar og forskrifter
- Følge opp at verksemda overheld alle relevante miljøkrav, forskrifter og løyve
- Kommunikasjon med myndigheiter, interessentar og andre aktørar innanfor ansvarsområdet
Det ønskeleg at du har følgande utdanning, erfaring og kvalifikasjonar:
- Master innan biologi, miljøvitskap, naturforvaltning eller andre naturvitskapelege fag
- Erfaring med miljøovervaking, rapportering og oppfølging av ytre miljø
- Erfaring med leiing er ein fordel
- 3+ års relevant erfaring er ønskeleg, men nyutdanna er velkommen til å søke
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Arbeidstida er dagtid. Arbeidsstad er på Engebø i flotte nye kontor, laboratorium og produksjonslokale!
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, og fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Noko for deg? Ja då er det berre å sende inn ein enkel søknad! Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande. Og dersom du har spørsmål så er det berre å ta kontakt!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Biolog, Geologi/Fysikk/Kjemi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nordic Mining, miljøovervaking, ytre miljø, teamleiar, miljøkrav
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387890164
- Sist endret