Koordinator for legegruppa
Helse Bergen
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Koordinator for legegruppa
Vil du vere med og arbeide tett saman med leiarteamet i ein spennande klinikk i stor utvikling? Vi ser etter deg som vil vere med i dette spennande utviklingsarbeidet. Kvinneklinikken i Helse Bergen søker Koordinator for legegruppa.
Kvinneklinikken arbeider for å styrke oppfølging og leiing av legegruppa, med særskild fokus på å sikre gode system. Koordinator for legegruppa er tiltenkt ei sentral rolle i dette arbeidet, og vil samarbeide tett med seksjonsoverlegane og den øvrige leiargruppa for å oppnå målsettinga.
Kvinneklinikken i Bergen (KKB) er ei av landets største føde/barseleiningar, med om lag 4500 fødslar i året. Klinikken har òg ein stor gynekologisk avdeling der vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar og reproduktiv helse. Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar og har regionansvar for behandling av gynekologiske kreftsjukdommar.
Målet for arbeidet vårt er å gi eit godt fagleg tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt. Vi har stort fokus på kvalitetsarbeid, og satsar på forsking og systematisk fagleg utvikling for til ei kvar tid å kunne tilby pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging.
Arbeidsoppgåver
- Sørgje for god struktur ved rotasjon av legar
- Ansvar for planlegging og oppfølging av arbeidsplanane til legegruppa
- Sørgje for oppfølging av legegruppa sitt driftsårshjul, inkludert kursplanlegging
- Bidra ved utlysingar og tilsetjingar av legar
- Bidra til oppfølging av legegruppa sine kompetanseplanar/ -utvikling for legegruppa
- Bidra til nærversarbeid og tilrettelegging av arbeid
- HMS – oppfølging
- Sørgje for å kalle inn og gjennomføre personalmøte
- Bidra ved introduksjon av nytilsette
Alle oppgåver blir utført i samarbeid med seksjonsoverlegane og leiargruppa i KK
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad innafor fagområda logistikk, økonomi, adm. og leiing, eventuelt anna relevant helsefagleg utdanning
- Leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå helsevesenet og tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- God IT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God evne til samhandling
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Erfaring med fagutvikling, utvikling av rutinar, retningslinjer og prosedyrar
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- skapar gode relasjonar og samhald
- er inkluderande og involverande
- arbeider planmessig og strukturert
- er lojal til sjukehuset sine verdiar og speglar desse i veremåten din
- har god organisasjonsforståing, tenker heilskap og evner å sjå komplekse samanhengar og dilemma
- har gjennomføringskraft og toler å stå i endring og utvikling
- trivst med å motivere og samle dei tilsette om felles mål
- bidrar til eit godt og lærande arbeidsmiljø
- har sterke problemløysingsevne og kan initiere forbetringar og nye prosjekt
- har gode samarbeidsevne og evne til å bygge sterke team
- har evne til å prioritere og organisere arbeidsoppgåver effektivt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Koordinering, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
koordinator, driftskoordinator, driftsansvarlig, kvinneklinikken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387935949
- Sist endret