Samfunnsøkonom/samfunnsvitar
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Samfunnsøkonom/samfunnsvitar
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i kulturvernavdelingas seksjon KV2.
Seksjonen har ansvar for fagområda kulturbygg, bibliotek, museum, arkiv, og FoU (forsking og utvikling). Dette inkluderer etatsstyring av Arkivverket, Nasjonalbiblioteket og KORO - Kunst i offentlege rom.
Vi søkjer deg som likar å jobbe med tal og økonomiske analyser og vil vere med å realisere statlege byggjeprosjekt i kultursektoren. Vi ynskjer oss ein medarbeidar som kan jobbe sjølvstendig og langsiktig, sjå samanhengar og analysere problemstillingar i eit overordna, kulturpolitisk perspektiv. Du må kunne bruke fagbakgrunnen din til å setje deg raskt inn i, vurdere og presentere komplekse saker klart og kortfatta. Vi arbeider ofte med korte tidsfristar.
Du vil få utfordrande og interessante oppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk på avdelingas fagområde. Arbeidet vårt involverer samhandling med mange aktørar, og blir gjort i dialog med den administrative og politiske leiinga i departementet.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna arbeide med å
- gi faglege råd og innspel i politiske, økonomiske og administrative prosessar
- lage økonomiske analysar på saksfelta i avdelinga
- bidra i avdelingas arbeid med budsjett og etatsstyring
koordinere og delta i møter med eksterne samarbeidspartnarar
Du vil òg arbeide med å førebu, utgreie og delta i styring av oppdrag til Statsbygg. Prosjekta kan innebere samarbeid med både statlege etatar, store nasjonale kulturinstitusjonar og Sametinget.
Godt samarbeid er viktig for eit velfungerande departement. Den som blir tilsett må vere budd på å stille kompetansen sin til rådvelde for andre seksjonar og avdelingar, dersom dette trengst.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant høgare utdanning på masternivå, helst innan samfunnsøkonomi eller annan samfunnsvitskap
- minimum to års relevant arbeidserfaring
- gode analytiske ferdigheiter
- god evne til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med samfunnsøkonomiske analyser, eller frå statleg budsjettarbeid
- erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne departement
- forståing for rolla som sekretariat for politisk leiing
- interesse for fagområda i avdelinga
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som er
- analytisk, jobbar strukturert og sjølvstendig
- initiativrik, tar ansvar og følgjer det opp
- er ein lagspelar, trivst med å dele og lære saman med andre
- har auge for langsiktig utvikling og forbetring, og evne til å tenkje nytt
- er fleksibel og har godt humør
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetslova.
Vi tilbyr
- innplassering som rådgjevar med brutto årsløn frå 548 600 til 679 000 kroner eller som seniorrådgjevar med brutto årsløn frå 657 300 til 821 100 kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast)
- trivelege lokale midt i Oslo sentrum med godt kantinetilbod
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle statleg politikk og forvaltning på våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Gunhild Strand Molle, på Telefon: 90673862 eller på e-post: Gunhild-Strand.Molle@kud.dep.no
Om avdelinga og seksjonen
Kulturvernavdelinga er sett saman av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta.
Ansvaret femner mellom anna om forvaltinga av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, KORO (Kunst i offentlege rom), Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Samfunnsøkonomi, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387940301
- Sist endret