Fastlegar
Høyanger kommune
- Frist 29.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Fastlegar
Høyanger legeteneste søkjer etter erfarne allmennpraktikarar
Legekontoret ligg i Høyanger tettstad. Høyanger er omringa av flott natur der det er moglegheiter for flotte naturopplevingar i fjord og fjell, samt eit rikt tilbod innan idrett og kultur. Legetenesta har òg to ute-kontor i Lavik og på Søreide med lege og sjukepleiar tre dagar per veke.
Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med eit godt arbeidsmiljø. Ein jobbar etter ein triagemodell og er i eit utviklingsarbeid kring oppgåvedeling i kollegiet. Kontoret har eit velutstyrt laboratorium med stor analysepark, 24-bt, spirometri, EKG, audiometri og tonometri.
Ein legg stor vekt på kvalitetssikring og fagleg utvikling. Legetenesta deltek i interkommunal legevakt med to legar på vakt og sjukepleiarar. Vi tilbyr ein allsidig praksis med faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver.
Tilknytingsform kan drøftast: Kommunal tilsetjing eller individuell avtale med kommunal deltidsstilling (inntil 20%). Vi er opne for arbeidstid med «nordsjøturnus», men ei slik ordning føreset listesamarbeid mellom fleire legar.
Arbeidsoppgåver:
- Allmennlegeoppgåver som fastlege, samt fordeling av allmennlegeoppgåver i kommunen inntil 7,5 timar per veke. Fordeling av kommunale oppgåver vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde.
- Drift av legetenesta i lag med dei andre legane.
- Rammene til legane gjev høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
- Kommunen inngår i det interkommunale legevaktsamarbeidet, SYS IKL, på ettermiddag/kveld/natt, helg og høgtider med vakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom legane.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering i allmennmedisin. Legesenterert er godkjent som utdanningsbedrift og gir rettleiing frå spesialist i allmennmedisin
- Gode kommunikasjonsevne i eitt av dei skandinaviske språka, både skriftleg og munnleg.
- Allmennmedisinsk praksis og erfaring frå fastlegepraksis er ein fordel.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Personleg eigenskap vert vektlagt
- Det krevst stor læringsvilje og evne til å tileigne seg kliniske ferdigheiter
- Stor grad av fleksibilitet, ansvarsbevisst og engasjert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe strukturert og målretta, både sjølvstendig og i fellesskap
Vi kan tilby:
- 8.2- avtale (kommunen stiller med kontor, utstyr, hjelpepersonell mv. Kurativt arbeid etter denne avtalen er sjølvstendig næringsverksemd).
- For kommunal tilsetting konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
- Lokale, hjelpepersonell, inventar og utstyr m.m. Leiga for individuell fastlegeavtale er f.t. lik basisgodtgjersla.
- Rettleiing og supervisjon
- Familievenleg arbeidsplass med moglegheit for fleksibel arbeidstid
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Nye tidsmessige kontorlokale
- Moderne IKT utstyr. Vi nyttar journalsystemet InfoDoc
- Det blir tilrettelagt for deltaking på obligatoriske kurs i samband med spesialistutdanning, samt deltaking i kollegarettleiingsgruppe
- Kommunal bustad
Om arbeidsgiveren
Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: August Gunnarskogsgt. 1, 6993 Høyanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
allmennmedisin, fastlege, lege, medisin
Høyanger tettstad (1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387951103
- Sist endret