Helsefagarbeidar
Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter
- Frist 09.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ynskjer å gjere ein forskjell?
Me søkjer ein motivert helsefagarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell for våre bebuarar. Bli del av vårt ungdommelege og trivelege team i ei døgnbemanna omsorgsbustad i Sogndal!
Sogndal er kjent for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her er det noko for alle frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremjar fellesskap og trivsel.
Om stillinga
Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling
- 1 x 95 % fast stilling som helsefagarbeidar
Me startar med årsturnus 3.mars 2025 med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter 4. kvar helg og etter eige ynskje i vekedag
Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarane
- Rettleia og følgje opp elevar, lærlingar og andre
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
- Medansvar for eit godt lærings og arbeidsmiljø
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
Kvalifikasjonar:
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert og positiv
- Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefagarbeider, helsefag, omsorg, eldreomsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388037781
- Sist endret