Butikkmedarbeider
Extra Naustdal
- Frist 01.02.2025
- Ansettelsesform Fast
EXTRA NAUSTDAL søkjer butikkmedarbeidar
Har du lyst til å arbeide i butikk?
Vi har ledig 100% stilling, og leitar etter deg som elskar og arbeide med sal, og som er oppteken av å yte den beste servicen. Stillinga følgjer turnus med arbeidstid på dagtid, ettermiddag / kveld og annakvar laurdag. Du må ha fylt 18 år, og det er viktig at du kan snakke, skrive og lese norsk.
Arbeidsoppgåver:
- Kundebehandling
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Tipping / post
- Forfallande reinhald og rydding
- Det kan bli aktuelt med ekstra ansvar på sikt
Vi forventar av deg: at du har «stå-på vilje», tek ansvar, og er hjelpsam og imøtekommande. Du er kreativ og jobbar strukturert og effektivt, og taklar hektiske situasjonar med godt humør. Det er viktig for oss at du bidreg til trivsel for kunden, og eit godt arbeidsmiljø i butikken.
Hos oss får du
Varierte arbeidsoppgåver og løn etter tariff. Du får god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtalar for tilsette. Ynskjer du å utvikle deg, har vi opplæringsmogelegheiter hos oss i Coop Nordvest.
Høyrest dette ut som noko for deg, så håpar vi at du søkjer. Spørsmål om stillinga kan rettast til Butikksjef Lovise Kalland på tlf. 481 54 411.
Søknad og CV registrerast digitalt på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 1. februar 2025
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Fjæra, 6817 Naustdal
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Coop, Dagligvare, Butikk, Extra
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388078301
- Sist endret