Nettverksingeniør
Helse Vest IKT
- Frist 31.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med å utvikle Helse Vest IKT si private sky!
Helse Vest IKT leverer IT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit.
Teamet arbeidar med VMware og NSX, og automatisering av desse plattformene som en del av området Privat Sky. Området har ansvar for alt av on-prem-løsninger og består av flere tverrfaglege plattform-team. Stilinga vil være ein del av nettverksmiljøet i Helse Vest IKT.
Hos oss får du bryne deg på spennande teknologiar i eit komplekst miljø som bidrar til å løyse samfunnsnyttige formål. Vi ser etter deg som interessert i moderne løysningar on-premise og som samarbeider på tvers av fagdisipliner for å levere gode resultat. Mykje av arbeidet skjer på digitale flater som Teams, men også i moderne kontorlokale på vestlandet.
Arbeidsstad er i Bergen eller i Førde.
Arbeidsoppgåver
- Drifte og vidareutvikle NSX.
- Automatisere løysingar knytt til SDDC (Software-defined Datacenter).
- Scripting og automasjon.
- Dagleg drift av VMware-plattforma.
- Kontinuerleg forbetring av sikkerheit i Helse Vest.
- Kunnskapsdeling (GitOps)
- Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald (ITIL).
- Andre forefallande oppgåver innan fagområdet.
Kvalifikasjonar
- IT- eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
- God erfaring innan drift av nettverk og IT-infrastruktur.
- Erfaring med og kunnskap om drift av VMwares datasenterprodukt, vCloud Foundation (ESXi, vSAN, NSX)
- Kunnskap om nettverk i datahallar.
- Kunnskap om brannmur.
- Fordel med erfaring frå drift i større miljø.
- Relevante sertifiseringar tel positivt.
- Erfaring med scripting (Python, Perl, e.l.) er ein fordel.
- Kjennskap til ITIL.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Søkjaren må kunne tilgangsklarerast jf. Verksemdsføreskrifta §69. https://lovdata.no/forskrift/2018-12-20-2053/§69
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, nysgjerrig, engasjert og sjølvstendig.
- Du er interessert i ny teknologi og korleis Helse Vest IKT kan dra nytte av denne.
- Ikkje redd for å utveksle eigne idear og villig til å sjå på alternative måter å produsere tenestene våre.
- Du har fokus på gode løysingar.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er flink til å dele kompetanse.
- Du evner å jobbe i tverrfaglege team.
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet.
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Høyrast det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Spennande arbeidsoppgåver innanfor moderne teknologi, og produkt frå "øvste hylle".
- Smidig tankesett, arbeidsmetodikk og produktorganisering.
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Gode kurs- og konferansemoglegheiter.
- Moglegheit for medlemskap i bedriftsidrettslag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Lunsjpause er inkludert i arbeidstida.
- Nye kontorlokale på Kronstad X med eiga kantine.
- Fleksible arbeidsordningar, med blant anna fleksitid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Pensjonen er ytingsbasert og varar livet ut.
- Løn etter avtale.
- Overtidskompensasjon.
- Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
- Moglegheit for telefon og breibandstøtte.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sddc, nettverk, fw, brannmur, vmware
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388089380
- Sist endret