Fibermontør
Strøyma AS
- Frist 16.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Fibermontør
Strøyma AS søkjer Fibermontør som skal delta i arbeidet med å drifte vårt fibernett. Vil du vere med oss å levere lynrask fiber til våre kundar?
Arbeidsoppgåver:
Du vil vere ein del av eit team som jobbar med installasjon, drift og vedlikehald av fiber. Arbeidsoppgåvene inkluderer blåsing, strekking i stolpar, terminering og skøyting av fiberkablar. Ein viktig del av rolla er også service og installasjon heime hos kundar. Du vil vere med å planlegge, utføre og dokumentere oppdraga.
Ønska kvalifikasjonar/eigenskapar:
- Fagbrev innen telekom eller elektrofag. Relevant erfaring kan vege opp for manglande formell kompetanse
- Fargesyn
- Førerkort klasse B, førerkort BE er ein fordel
- Kommunisera flytende på norsk, både skriftlig og muntlig
Hos oss i Strøyma:
For oss er det viktig å gje tilsette fleksibilitet og tillit, slik at arbeidet passar til din kvardag. Som tilsett i ei lita bedrift, kan du vere med å forme vegen vidare, både for selskapet og deg sjølv. Tilsette får gode forsikringsordningar som behandlingsforsikring, gruppelivsforsikring og 6 % innskuddspensjon. Me har ferieleilighet, sosiale tilstellinger og felles trening på vinterhalvåret etter ønske. Og det beste av alt, me skriv nynorsk ;-)
Er dette jobben for deg? Send oss ein søknad. Me gler oss til å høyra frå deg!
Om arbeidsgiveren
Strøyma er leverandør av straum- og fibertenester. Me eig, vedlikeheld og driftar fibernett i gamle Fusa kommune. Strøyma er ein del av konsernet, Fusa Kraftlag SA. Konsernet har 23 tilsette og held til i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Elektronikk, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Brukerstøtte/support, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
telekommunikasjon, fiber, montør, fibermontør, fiberutbygging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388124014
- Sist endret