Barne- og ungdomsarbeidar
Vaksdal kommune
- Frist 9.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar
Me har ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Vaksdal kommune, for tida ved Stamnes oppveksttun.
Som barne- og ungdomsarbeidar på oppveksttunet vil du ha ei viktig rolle i barn sin kvardag. Hovudoppgåvene dine vil vere å bidra til eit trygt, utviklande og stimulerande miljø for barna. Du vil vere ein del av eit team som saman arbeider for å gi barna gode opplevingar og støtte i utviklinga.
Typiske arbeidsoppgåver vil inkludere:
- Tilrettelegging av pedagogiske aktivitetar: Planlegge og gjennomføre aktivitetar som fremmar læring, leik og sosialt samspel.
- Omsorg og støtte: Gi barna omsorg, tryggleik og støtte, og dessutan rettleie dei i kvardagslege situasjonar.
- Leik og samspel: Delta aktivt i leik med barna, både inne og ute, og bidra til å skape ein inkluderande fellesskap.
- Oppfølging av enkeltbarn: Sjå kvart enkelt barn sitt behov, følge opp utviklinga til barna og samarbeide med foreldre.
- Praktiske oppgåver: Hjelp til i måltid, stell, påkledning og legging av dei minste barna.
- Miljøarbeid: Bidra til eit ryddig og godt fysisk miljø, både ute og inne.
- Samarbeid med kollegaer: Delta aktivt i teamarbeid, planleggingsmøte og utviklingsarbeid i barnehage og SFO.
Stamnes oppveksttun har 29 barn, ni i barnehagen og 20 i skulen. Skulen er ein fådelt 1-7 skule og har eigen SFO. Stillinga vil primært vere knytt til barnehage og SFO.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjarar med anna relevant kompetanse/erfaring og ynskja personlege eigenskapar kan ved behov bli vurdert
- Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person
- Du liker å vere i aktivitet saman med barn
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre
- Vi oppmodar menn til å søkja
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Video: https://www.youtube.com/watch?v=dxInsUPyp28
Om arbeidsgiveren
Vaksdal kommune
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Stamnes oppveksttun
Visjonen til oppveksttunet er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.
Oppveksttunet har både skule, SFO og barnehage. Her opplever barna trygge og varierte dagar, mellom anna uteskule og felles aktivitetar på tvers av aldersgrupper.
Uteområdet rundt oppveksttunet har to leikeplassar, idrettsbane med grus og ein ballbinge. I nærleiken til oppveksttunet har me fine naturområde som vert nytta til turar heile året.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent, Skoleassistent, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagogikk, ungdomsarbeider, barnehage, miljøarbeid, læring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388195707
- Sist endret