Ansatte til miljøtenesta søkes
Time kommune
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Ansatte til miljøtenesta søkes
I miljøtenesta i Time kommune arbeidar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande, og kjenner stolthet ved å gje gode tenester og bidra til trivsel på jobb. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss.
Miljøtenesta består av 6 avdelingar, 3 avdelingar ligg på Kverneland og 3 på Bryne. I tillegg leverer me tenester til BPA og ambulerande brukarar. Me veks stadig, og har derfor behov for fleire dyktige folk med på laget. I April 2025 åpnar også eit heilt nytt bufellesskap på Svertingstad. Me har nå behov for økt bemanning i 2 av våre avdelingar på Bryne.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er verdi- og rammeverk for tenesteytinga. Er du ikkje kjent med kva PAS inneber? Fortvil ikkje! Me har gode kurshaldarar internt i miljøtenesta. Me er også ein klinobs kommune og alle nytilsette får kurs i klinisk observasjonskompetanse.
Me har ledig fleire stillingar i dei 2 ulike avdelingane. Nubben burettslag og Vardheia bufellesskap.
100% fast, vikariater av ulik stillingsstørrelse og helgestillingar. Alle stillingane er i turnus med langvakter kvar 4.helg, 12,5 timers vaktar. Det er også moglegheit for langvaktar i vekedagane. Me har også behov for eigne nattevaktar.
Ta ein kikk på videoen og sjå om ikkje dette kan vera midt i blinken!
https://youtu.be/BMf3to1nFWQ
Nubben burettslag
Nubben borettslag ligger på Svertingstad på Bryne. Helt nytt bygg som er innflyttningsklart i april 2025.
4 kommunale leiligheter, og 6 selveide. Kommunen drifter og gir tjenester til alle 10 beboere.
Vardheia bufellesskap
I Vardheia bufellesskap vil det bu totalt 5 bebuarar fom April 2025.
Me søker etter deg som taklar endringar godt, er fleksibel, positiv, har humor, er ansvarsfull og kan jobbe godt både i team og på egenhånd. Me er opptatt av trivsel på arbeidsplassen, og ser etter deg som er en god kollega og bidrar til et godt arbeidsmiljø.
Spesifiser i søknaden hvilken type stilling du er interessert i, og gjerne hvilken avdeling. Intervju vil foregå i slutten av Januar, oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid i møte med den enkelte bebuar
- Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Ansvarsvakt
- Primær/sekundæransvar
- Sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Oppfølging av HOTL. kapittel 9 vedtak
- Rettleiing av kollegaer og studentar
- Fagleg kompetanseheving og utvikling
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- Følge bebuar på faste aktivitetar, som eksempel bading
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar/helsefagarbeidar/ anna høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Assistentar er også velkomne til å søkja.
- Erfaring frå miljøarbeid og utfordrande adferd, oppfølging av somatiske sjukdommar
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B, manuell gir
- Det vert lagt stor vekt på at du er eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Vardheivegen, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøtenesta, Bufelleskap, Helgestilinger, Heltiid, Nattevakt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388318795
- Sist endret