100% undervisningsstilling i vikariat ved Lunde barneskule
Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule
- Frist 27.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Lunde barneskule har ledig undervisningsstilling.
100% undervisningsstilling i vikariat frå 01.02.25-31.07.25.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom rettleiarordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 320 elevar og vel 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Skulen har gode og lyse undervisningslokale, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.
Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på mellomtrinnet, samarbeid med kollegaar og føresette, aktiv deltaking i kommunen og skulen sitt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse på barnetrinnet.
Personlege eigenskapar er viktig til desse stillingane.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi søker etter ein medarbeidar som:
- likar å jobbe med barn i læring og utvikling
- er løysingsorientert og fleksibel
- er pliktoppfyllande og kan jobbe sjølvstendig
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til born og vaksne
- er ein tydeleg, engasjert og god rollemodell
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i offentleg sektor: Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Klasavegen 10, 5208 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Lærar, Lærer, Undervisning, Lektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388339676
- Sist endret