Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk/nordisk litteratur
Høgskulen i Volda
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk/nordisk litteratur
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for språk og litteratur, er det ledig eit 100 prosent vikariat i stillingasom førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk/nordisk litteratur i perioden01.08.2025-31.12.27.
Institutt for språk og litteratur har ansvar for fagområda norsk og engelsk og har eit breitt og fleksibelt studietilbod både på nett og på campus. Forutan å ha ansvar for fagområda engelsk og norsk i lærarutdanningane tilbyr instituttet halvårsstudium, årsstudium og fordjupingsstudium og bachelorgrad i språk og litteratur. I tillegg har instituttet ansvar for mastergrad i skriftkulturar og delansvar for master i undervisning og læring. Instituttet har også eit stort etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar og eit eige norskstudium for utanlandske studentar (NIS). Instituttet har om lag 40 tilsette og er delt i tre seksjonar: Seksjon for engelsk, Seksjon for norsk i lærarutdanningane (NLU) og Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Kvalifikasjonar
Ved tilsetting blir søkars utdanning, arbeidserfaring og personlege eigenskapar vektlagt.
For tilsetjing som høgskulelektor må søkaren ha mastergrad/hovudfag i norsk (nordisk) litteratur eller tilsvarandeog vise til relevant yrkes- eller undervisningserfaring.For tilsetjing som førstelektor må søkaren i tillegg vise til bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå. For tilsetjing som førsteamanuensis må søkaren minst ha doktorgrad i norsk (nordisk) litteratur eller tilsvarande.
For tilsetjing i alle stillingskategoriar er det krav om dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse.Vi viser elles til Høgskulen i Volda sine krav til pedagogisk basiskompetanse (https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/mal-pedagogisk-basiskompetanse-ved-hvo-forsteamanuensis.pdf). Søkar må også ha norskferdigheiter på B2-nivå, hagode kommunikasjonsferdigheiter og meistre nynorsk, bokmål og engelsk.
Av personlege eigenskapar må søkaren ha ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid, og må ha evne til å engasjere studentane. I tillegg må søkaren kunne leggje til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale reiskapar i planlegging og undervisning.Søkaren må også kunne takle tidvis høgt arbeidspress, samt kunne samarbeide godt med andre og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Institutt for språk og litteratur legg til rette for at fagleg tilsette har tid til forsking og fagleg utvikling innanfor stillinga. Søkaren bør difor leggje ved planar for FoU-arbeid og eventuelt vidarekompetanseheving.
Arbeidsfelt
Undervisingsarbeidet til den utlyste stillinga er knytt til bachelor i språk og litteratur og master i skriftkulturar. Den som blirtilsett, vil få særleg ansvar i for dei litterære emna i desse programma og må ha kompetanse til å undervise og rettleie innanfor litteræreemne på bachelor- og masternivå.
Like fullt må densom blir tilsett, rekne med å undervise i norskfaglege emne ved instituttet der det er behov. Dette kan innebere undervisning i grunnskulelærarutdanningane, praktisk-pedagogisk utdanning, barnehagelærarutdanning og vidareutdanningstilbod både på campus og på nett.Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.
Vi tilbyr
Vi kan tilby varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap. Nye tilsette får ekstra oppfølging det første året gjennom kollegabasert mentorordning, og ein får tilbod om kurs i høgskulepedagogikk. Vi har gode vilkår for forskingstid og fleire aktive forskargrupper som ein kan delta i, på ulike felt innanfor faget.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i Statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodane ved Høgskulen.Høgskulelektor 1008 kr. 584 500 - 749 049,-, førstelektor 1198 kr. 685 054 - 799 721 og førsteamanuensis 1011 kr. 640 000 - 817 690.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet).
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
lgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- Vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- Masteroppgåve/Doktoravhandling
- Andre vitskapelege arbeid
- Planar for FoU-arbeid.
Dei faglege kvalifikasjonane til søkarane vert vurdert av eit sakkunnig utvaletter forskrift til universitets- og høyskolelovenhttps://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2024-06-28-1392/%25C2%25A73-11#%C2%A73-11 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2024-06-28-1392/%25C2%25A73-11#%C2%A73-11)
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte leiar/dekan, Silje Ims Lied, tlf.: 70075294, instituttleiar, Hjalmar Eiksund, tlf.: 70 07 52 24, eller seksjonsleiar AnemariNeple, tlf. 70 0752 34.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2000 studentar og 150 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no (http://www.hivolda.no)
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Professor/Førsteamanuensis
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388355016
- Sist endret