Moglegheitsutviklar og prosjektutviklar
Atheno AS
- Frist 25.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søker både moglegheitsutviklar og prosjektutviklar! Og me vil gjerne høyre frå deg!
Atheno søkjer etter to nye kollegaer som er klare for å bidra til vidareutvikling av næringslivet i Sunnhordland!
Stilling 1: Moglegheitsutviklar - Invest In Sunnhordland
Som moglegheitsutviklar i Invest In Sunnhordland, vil du:
- Tiltrekkje ny næringsverksemd til Sunnhordland.
- Identifisere og påverke næringsaktørar til å investera i nye arbeidsplassar.
- Leggja til rette for næringsutvikling og samarbeida med kommunar, fylkeskommune og andre om infrastruktur.
- Skapa gode utviklingsarenaer for vekst og innovasjon.
Du vil spele ei nøkkelrolle i vårt arbeid for å skapa berekraftig vekst og nye arbeidsplassar. Bli ein del av vårt kompetansemiljø og arbeida tett med leiarar i regionens næringsliv og offentleg sektor.
Stilling 2: Prosjektutviklar - Inkubator
Som prosjektutviklar i Inkubatoren, vil du:
- Arbeide med innovative forretningsidear og bedrifter med vekstpotensial.
- Driva informasjon, marknadsføring og profilering mot aktuelle bedrifter.
- Byggja nettverk og utvikla relasjonar til bedrifter, kommunar og andre partnarar.
- Utvikla eigne prosjekt i samarbeid med andre innovasjonsmiljø.
Kven ser me etter?
Me ser etter engasjerte og sjølvstendige personar med følgjande kvalifikasjonar:
- Erfaring frå prosjektleiing, forretningsutvikling eller internasjonalt samarbeid.
- Kunnskap om næringsliv, utdannings- og forskingsinstitusjonar er ein fordel.
- Samfunns- og marknadsorientert med sterk gjennomføringsevne.
- Utadvendt med gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- God på å skapa entusiasme og få andre med seg.
- Strukturert og initiativrik.
Om du manglar spesifikk erfaring, men har dei rette personlege eigenskapane, vil me gjerne læra deg det du treng.
Kven er me?
Atheno er Sunnhordland sitt regionale næringsutviklingsselskap med 38 års erfaring innan innovasjon, oppstart, utvikling og vekst i bedrifter. Me samarbeider tett med industriklynger, offentlege aktørar og forskingsmiljø for å skapa berekraftig utvikling og verdiskaping. Vår inkubator er sentral i arbeidet med å fremja nyskaping i regionen, og me har eit sterkt fokus på å byggja framtida saman med dyktige menneske og bedrifter.
Kva kan me tilby?
Me kan tilby eit hektisk og spanande miljø, varierte oppgåver, konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår og godt arbeidsmiljø.
Arbeidsgjevar: Atheno AS
Stillingstitlar:
Moglegheitsutviklar - Invest In Sunnhordland
Prosjektutviklar - Inkubator
Søknadsfrist: 25. januar 2025
Tilsetjingsform: Fast
Arbeidsstad: Vabakkjen 6, 5411 Stord
Søknad skal sendast til: post@atheno.no Husk å merke søknaden med stillinga du søkjer.
For meir informasjon om stillingane kontakt dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold:
astrid@atheno.no eller på telefon 452 89 928.
Bli med oss på denne spanande reisa og bidra til å forma framtida i Sunnhordland!
Om arbeidsgiveren
Atheno er Sunnhordland sitt regionale næringsutviklingsselskap med 38 års erfaring innan innovasjon, oppstart, utvikling og vekst i bedrifter. Me samarbeider tett med industriklynger, offentlege aktørar og forskingsmiljø for å skapa berekraftig utvikling og verdiskaping. Vår inkubator er sentral i arbeidet med å fremja nyskaping i regionen, og me har eit sterkt fokus på å byggja framtida saman med dyktige menneske og bedrifter.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Vabakkjen 6, 5411 Stord
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektutvikling, forretningsutvikling, prosjektledelse, næringsliv, innovasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388361219
- Sist endret