Avdelingsleiar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
På sjukehusapoteket i Førde er vi ei fin blanding av apotekteknikarar, assistentar, farmasøytar og éin sjukepleiar. Hos oss får du rundt 30 trivelege og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar. Apoteket har nyleg fått nye lokale og er inne i ein spennande periode, blant anna med å etablere farmasitun i tett samarbeid med Helse Førde.
I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjonen sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelp vi legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.
Vi utvider no kapasiteten på leiarsida i apoteket, difor ser vi no etter to leiarar, ein leiar for produksjonsavdelinga og ein leiar for sjukehusekspedisjonen.
I produksjonsavdelinga er vi 11 medarbeidarar. Viktige driftsoppgåver er tilvirking av cytostatika og støttebehandling, kontroll og kvalitetssikring av både arbeidsprosessar, produksjonslokale og arbeidsteknikk (innfri GMP-krav), jobbe tett saman med Helse Førde sine avdelingar og videreutvikle tenestene i avdelinga.
Sjukehusekspedisjonen omfatter i dag 14 medarbeidarar, men her skal vi bli 16. Viktige driftsoppgåver er leveransar av legemiddel til Helse Førde (sentralsjukehuset, lokalsjukehusa og andre einingar), apotekstyrt legemiddellager, arbeid med logistikk, beredskap og mangelsituasjoner. Vi avsluttar snart første del av pilotstudie for farmasitun, og vil fortsette med dette som ei fast teneste. Arbeid med kvalitet, forbetring og vidareutvikling av tenester er andre sentrale oppgåver i avdelinga.
Du har også mogelegheit for stilling som sjukehusfarmasøyt om stilling som avdelingsleiar ikkje vert aktuell.
Å jobbe og bu i Førde
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar.
Byen og Sunnfjord kommune satsar stort på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. Uavhengig om du er glad i friluftsliv, idrett eller kultur, vil du finne noko som passar for deg.
For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad dersom det er behov.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.
Arbeidsoppgåver
- bidra til avdelinga har god kvalitet på faglege oppgåver og at drifta er planlagt og blir drive forsvarleg økonomisk
- bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å vere ein god og støttande leiar for medarbeidarane
- vere pådrivar for å utvikle avdelinga ut frå behov og mogelegheiter, som nye tenester, styrka drift og arbeidsmiljø
- samarbeid med ulikt helsepersonell, og delta i regionale nettverk og faggruppe
- viktig bidragsytar for den samla drifta og for utvikling av apoteket ved å vere medlem i leiargruppa saman med dei andre avdelingsleiarane og apotekar
Kvalifikasjonar
- høgare helsefagleg utdanning innan farmasi/klinisk farmasi
- erfaring frå apotek eller andre helseinstitusjonar og samarbeid på tvers av ulike fagmiljø
- tidligare leiererfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- kjennskap til produksjonsområdet er ønskeleg for stillinga i produksjonsavdelinga
- kjennskap til logistikk/legemiddelforsyning er ein fordel i sjukehusekspedisjon
- meistre godt norsk, skriftleg og munnleg
- gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein tydeleg, handlekraftig og involverande leiar som er opptatt av relasjonsbygging og har evne til å inspirere og motivere, lytte og skape tillit
- Du må trivast med ein dynamisk og varierande arbeidskvardag
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team, vere løysingsorientert og skape meistringsklima i avdelinga
- Du likar å samarbeide med andre
- Du ønsker å bidra til å utvikle og levere tenester med kvalitet
Vi tilbyr
- stilling i eit stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø, med kvalitet og kompetanse i fokus
- høve til fagleg og personleg utvikling
- eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- løn i samsvar med gjeldande avtaler
Vi oppfordrar alle søkjarar til å bruke vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogeleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388363614
- Sist endret