Sjåfør i fast stilling
Helse Bergen
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjåfør i fast stilling
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester,forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktigbidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i treseksjonar; Pasientportørtenesta, Forsyningstenesta og Miljøhall og varetransport. Vi er lærebedrift ilogistikkfaget, portørfaget og gjenvinningsfaget og satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette.
Miljøhall og varetransport er ein intern serviceseksjon med drift alle dagar iåret. Våre hovudaktivitetar er avfallshandtering og sortering ved sjukehusetsamt transport av tøy, varer, mat og medisinar mellom ulike lokasjonarinnan helseføretaket. Vi utfører også flyttetenester. Miljøhallen er plassert iein fjellhall bak sentralblokka og seksjonen består av seksjonsleiar og om lag20 tilsette. Vi set trivsel på arbeidsplassen høgt og har eit kontinuerlegfokus på HMS.
Vi har no ledig to 100% faste stillingar som sjåfør, med tiltredelse snarast. Arbeidet blir utført for tida på dagtid (07:00-15:00), måndag til fredag.
Oppgåvene kan vere fysisk krevande. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva vil vere sjåføroppgåver knytta til seksjonens bilar og oppdrag. (Komprimatorbil, skapbil med bakløfter og mindre varebilar) dette vil til dømes vere distribusjon av mat, tøy, medisin, forbruksmateriell, flyttegods, avfall og anna
- Sekundært blir det også anna arbeid, som til dømes arbeid i Miljøhallen. Det blir forventa at ein er villig til å løyse alle seksjonens oppgåver ved ønske og behov
- Utføre flytteoppdrag i Helse Bergen HF
- Vask og Vedlikehald
- Forefallende oppgåver
- Arbeidet er til tider fysisk krevande
Ønskelege Kvalifikasjonar
- Førarkort kl. C eller C1
- Gyldig yrkessjåførkompetanse (YSK)
- Det er ønskeleg med relevant arbeidserfaring
- Ønskeleg med truckførarbevis klasse T1 og T4
- Du må gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Vi tenker du er:
- Påliteleg, imøtekommande og løysingsorientert
- Vser lagånd og jobbar for å gjere kvardagen enklare for dei i kring deg
- Arbeider sjølvstendig og samarbeider godt med andre
- Full av arbeidslyst og glede
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Hjelpsam, kollegial og gjer ditt beste for at seksjonen skal nå sine mål
Vi tilbyr deg:
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftsidrett
- God tilkomst med kollektivtransport og moglegheit for tilsettparkering
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 26 B, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør, Truckfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjåfør, sykehus, yrekssjåfør, truckfører
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388914103
- Sist endret