Funksjonsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Funksjonsleiar
Er du på jakt etter nye utfordringar?
Denne stillinga er ein spennande moglegheit for deg som er opptatt av mennesker, utvikling og leiing.
Som funksjonsleiar deltar du i klinikkens leiargruppe, og du vil få eit nært samarbeid med avdelingsleiar.
Eininga består av føde, barsel, gynekologisk post og poliklinikk. Vi har omtrent 400 fødsler per år (lågrisiko). Innan gynekologi har vi både elektiv kirurgi og ØH-kirurgi, observasjon/behandling.
Vi ser fram til å motta din søknad!
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar
- Økonomi og drift
- Sikre og koordinere dagleg drift
- Tverrfagleg samarbeid
- Ansvar for opplæring av nytilsette
- Kvalitet og internkontroll
- HMS-ansvar
- Delta i drift
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar/jordmor
- Ønskeleg med ledererfaring og/eller lederutdanning
- Ønskeleg med erfaring frå føde-, barsel-, avdeling
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse, erfaring med elektroniske løysingar for personal- og pasientadministrasjon.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskaper og motivasjon for stillinga blir vektlagd
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar
- God økonomiforståing
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Leiarutviklingsprogram
- Deltaking i klinikkens leiargruppe
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA.bedrift)
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
funksjonsleder, ledelse, jordmor, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388923707
- Sist endret