Miljøterapeut
Alver kommune
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter deg med engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus!
Avdelinga og arbeidsoppgåvene
Alver kommune, avdeling for psykisk helse og rus teneste gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er delt i tre team - Tidleg innsats og livsmeistring, oppfølgingsteam Psykisk helse og oppfølgingsteam Rus og avhengigheit. Avdelinga gjev i hovudsak tilbod på dagtid, men ettermiddag/ kveld må påreknast.
Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til personar over 18 år som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod.
Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av brukarar gjennom kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler
- Leggje til rette for aktivitet og for at brukar skal kunne meistre eigen kvardag
- Burettleiing
- Delta i gruppetilbod og aktivitetstilbod
- Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid
- Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan
Kvalifikasjonskrav
- Sosialfagleg utdanning. Anna relevant utdanning på bachelornivå kan vurderast.
- Videreutdanning innan psykisk helse og rusarbeid eller anna relevant vidare utd.
- Lang erfaring (minimum 5 år) med målgruppa kan kompensere for vidareutdanning.
- Det er eit krav om minimum 5 års erfaring frå arbeid innan fagfeltet
- Erfaring og kompetanse, samt gode evnar til å rettleie, utvikle og motivere brukara og medarbeidarar vil bli vektlagd
- Sertifikat kl. B - ved nokre høve må du disponere eiga bil
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Kven er du?
Personlege eigenskapar
- Du har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
- Du er god på struktur, kommunikasjon, samarbeid og samhandling
- Du har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
- Du er glad i å jobbe i team, samt trivst med sjølvstendig arbeid
- Du er tolmodig og god til å motivere andre
- Du har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
- Du er opptatt av og legge til rette for brukarmedverknad
- Du er fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
- Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø.
- Rettleiing
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om arbeidsgiveren
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.
Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Alver kommune, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388961427
- Sist endret