Fleire ledige stillingar som sjukepleiar
Øygarden kommune
- Frist 28.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes og Straume. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Om stillingane:
Vi har no ledig;
1 x 80 % fast stilling, avdeling Ågotnes.
2 x 100 % fast stilling avdeling Straume (det er knytt 20% og 25% i timebank på desse stillingane).
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
- Primærsjukepleie
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Anna:
- Sjukepleiar og spesialsjukepleiar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
- Vernepleiarar kan bli vurdert om vi ikkje får kvalifiserte søkjare
- Stillinga er ledig frå snarast
- Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i same tidsrom
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad
Kontakt:
Ass. Einingsleiar Kate Løland på telefon 56 16 05 02 mobil 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Sykepleier, sjukepleiar, vernepleier, vernepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 388972923
- Sist endret