Reinhaldar
Bykle
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Reinhaldar fast 100 % stilling
Vil du vere med på laget?
Bykle kommune søkjer etter ein reinhaldar i 100 % stilling. Stillinga ligg under eining for Teknisk drift og eigedom.
Vi søkjer primært etter ein person med erfaring innan reinhaldsoppgåver på større bygg og som har fagbrev innan reinhald eller dokumentert relevant erfaring.
Du vil ha ansvar for reinhaldet på dine bygg, slik at dette er i samsvar med forventingar og gjeldande krav. Du vil også vere ein del av kommunen sitt reinhaldsteam.
Arbeidsoppgaver
- Reinhald på sine kommunale bygg.
- Hjelpe til med utarbeiding av reinhaldsplanar.
- Vere ein del av kommunens reinhaldsteam og bistå andre ved behov, både i Bykle og på Hovden.
Kvalifikasjoner
- Relevant fagbrev innan reinhald.
- Anna dokumentert relevant erfaring kan kompensere for reinhald.
- Førarkort klasse B.
- Må kunne disponere eigen bil i teneste.
- Må kunne beherske enkle dataverktøy/apper.
Personlige egenskaper
- Serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsfull.
- Sjølvgåande og engasjert.
- Evne og vilje til teamarbeid.
- Kunne uttrykke seg godt og forstå norsk skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Løn ihh.t einkvar tid gjeldande tariff.
- God pensjons- og forsikringsordning.
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement.
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad.
- Bedriftsleilighet i Kristiansand.
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Namnet på søkjarar blir vanlegvis offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit. Då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skulevegen 19, 4755 Hovden i Setesdal
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Reinhald, Hovden
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389065816
- Sist endret