Vernepleiar eller sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri
Helse Bergen
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass. Kronstad DPS har to store allmennpoliklinikkar med ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Stillinga er knytta til Allmennpoliklinikk 2.
Vi styrkjer behandlingstilbodet til pasientar med alvorleg affektiv liding. Det kan vere aktuelt også med oppfølging/behandling av pasientar med andre lidingar i ei mindre mengd. Er du psykiatrisk sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning, og ønskjer å jobbe som behandlar i ein poliklinikk? Liker du ein arbeidskvardag der du får brukt og utvikla din faglege kompetanse. Vi har særleg fokus på samhandling og oppgåvegliding i behandlingsforløpa mellom psykiatar og sjukepleiar/vernepleiar, og søkjer deg med erfaring med pasientmålgruppa og som ønskjer å jobbe som terapeut i poliklinikk. Du jobbar sjølvstendig men inngår i tverrfagleg team med psykiater, psykolog, sjukepleiar/vernepleiar, sosionom og jobbspesialist. Utviklinga av tenestetilbodet går parallelt i Allmennpoliklinkk 1 og 2, og du inngår i eit fagleg nettverk på tvers av einingane.
Vi har medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi, emosjonsfokusert terapi, mentaliseringsbasert terapi, mindfulnessbasert kognitiv terapi. Fleire har og vidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar.
Som ny i poliklinikk vil du få god opplæring og vegleiing. Det vil og vere aktuelt å legge til rette for relevant terapiutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig behandlaransvar
- Psykoedukasjon individuelt og i grupper
- Administrering og monitorering av medikamentell behandling
- Somatisk oppfylgjing og symptommonitorering
- Pårørande- og nettverksarbeid
Kvalifikasjonar
- Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller anna relevant vidareutdanning
- Erfaring frå psykiatri i spesialisthelsetenesta er ønskjeleg
- Norsk autorisasjon
- Det er ein fordel om du har erfaring med sjølvstendig pasientoppfølging
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for å vidareutvikle din terapeutiske kompetanse og likar å arbeide i tverrfagleg team
- Du evner å arbeide sjølvstendig og arbeide målretta
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til god munnleg og skriftleg framstilling.
- Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
- Det er viktig at du er engasjert i faget og bidrar aktivt inn i teamet
Vi tilbyr
- Det vil bli lagt til rette for fagleg og personleg utvikling. Det er naturleg med samarbeid og erfaringsutveksling med sjukepleiar tilsett i begge poliklinikkane.
- Høgt fagleg nivå
- Fleksibilitet i arbeidstida
- Hyggeleg arbeidsmiljø
- Løn iht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
poliklinikk, team, undervisning, dagtid, sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389199907
- Sist endret