Rektor og einingsleiar for Åseral barne- og ungdomsskule, fast stilling
Åseral kommune
- Frist 06.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Rektor og einingsleiar for Åseral barne- og ungdomsskule, fast stilling
Vår rektor går over i ny stilling i kommunen, og vi søkjer etter deg som vil leie Åseral barne- og ungdomsskule og være med å videreutvikle oppvekstarenaene for barn og unge i Åseral kommune.
Vi kan, vi vil, og då skal vi få det til er mottoet vårt.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Vi håper at du òg er oppteken av å skape gode relasjoner og vil forsterke våre fellesskapsopplevingar mellom anna gjennom elevmedverknad og godt skule-heim samarbeid.
Åseral barne- og ungdomsskule har eit høgt utdanna og kompetent personale. Kompetanseutvikling er ein sentral del av vår skulekultur og vi oppmuntrar våre tilsette til å delta på kurs og vidareutdanning for å halde seg oppdaterte med dei nyaste pedagogiske metodane og forskinga.
Vi legg vekt på samarbeid og profesjonsfellesskap. Som vår nye leiar må du vere oppteken av å få andre til å lukkas og å involvere dine engasjerte medarbeidare i målretta arbeid. Les meir om Åseral barne- og ungdomsskule her: https://www.xn--bus-tla.no/
Skulen skal vere ein del av eit tverrfagleg samarbeid på sektorer, samtidig som vi skal ivareta fagspesifikke målområder konsentrert rundt langsiktig, systematisk og forskningsbasert arbeid. Kompetanseutvikling og læring for alle står sterkt. Vi søkjer deg som er ein tydeleg, endringskompetent og beslutningsdyktig leiar, og som evner å skape oppslutning om skulen sitt oppdrag.
Rektor arbeider i team saman med to avdelingsleiarar (barne- og undomsskule) og skulefagleg rådgjevar. I tillegg arbeider vi tett saman med barnehagen og eininga Helse og velferd. Det ligg også føre eit godt samarbeid med oppvekstsektoren i Setesdalsregionen.
Rektor er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.
Åseral barne- og ungdomskule er ei skule på ca.110 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta, og skulen har dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med eit uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.
Arbeidsoppgaver
- Videreutvikling av skulen sitt faglege fellesskap rundt læringsoppdraget og det systematiske og målretta arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø
- Vere ein synleg leiar som formulerer mål og forventningar for framtidas skule og har god gjennomføringskraft
- Bidra til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar
- Drive systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette
- Leie ei leiargruppe som mobiliserer dei tilsette sin kompetanse til beste for elevane si læring
- Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette
- Sørgje for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar
Kvalifikasjoner
- Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
- Skuleleiarerfaring vil bli vektlagt
- Skuleleiarutdanning er ønskjeleg
- God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Personlige egenskaper
- Du er ein utviklingsorientert og beslutningsdyktig leiar som evner å skape oppslutning om skulen sitt oppdrag
- Du har ein leiarstil som er prega av gode samarbeidsevner, tydeleg kommunikasjon og involvering
- Ditt arbeid er prega av målretta struktur
- Du evner å prioritere i ein hektisk kvardag
- Du arbeider strategisk med utgangspunkt i gode analyser
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Godt fagleg og sosialt miljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Utfordrande og spanande arbeidsoppåver
- Kommunen kan hjelpe til å finne bustad i kommunen.
- Gratis SFO
- Full barnehagedekning
Flytt til Åseral: Bu, flytte, bygge, boliger, jobbe, ledige stillinger, oppvekst, arrangementer og severdigheter. - Flytt til Åseral
Om arbeidsgiveren
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
enhetsleder, einingsleiar, rektor, barne- og ungdomskole, barne- og ungdomskule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389204547
- Sist endret