Administrativ leiar
Vestland fylkeskommune*
- Frist 02.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Administrativ leiar
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er Noregs leiande produsent av digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. Målet vårt er å medverke til eit meir ope og inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle.
NDLA er eit oppgåvefelleskap mellom 14 fylkeskommunar. Vestland er vertskommune for selskapet og har oppretta ein NDLA-seksjonmed seks tilsette for å ivareta administrasjon og leiing av selskapet. Deiøvrige medarbeidarane er tilsett i eit av dei samarbeidande fylka og innlånttil NDLA.
Vi søker no ny administrativ leiar som vil ha einøkkelrolle i vidare drift og utvikling av selskapet.
Administrativ leiar vil ha eit særleg ansvar for administrative område som personal, økonomi og innkjøp, samt bistå dagleg leiar med å sikre god organisering og at NDLA oppfyller lovkrav og forventningar frå styret og eigarane. Til stillinga ligg det idag direkte leiar- ogpersonalansvar for to rådgjevarar.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Forvalte og utvikle politikk og rutiner for personalområdet og arbeidsmiljø. Bidra til gjennomføring.
- Organisere og leie arbeidet med budsjett og rekneskapsoppfølging.
- Organisere, støtte og kvalitetssikre arbeidet med innkjøp, kontraktsoppfølging og formelle samarbeid.
- Forvalte og vidareutvikle NDLA sine system for personvern og handsaming av personopplysningar.
- Gjennomføre sekretariatsoppgåver for styret, eigarforsamlinga og andre utval.
- Bistå dagleg leiar med planlegging og gjennomføring av møter i styret og eigarforsamling.
- Representere NDLA overfor leverandørar, fylkeskommunar og andre, i Noreg og internasjonalt.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan administrasjon, økonomi, HR eller andre relevante fagområde
- Relevant erfaring frå personal- og økonomiarbeid. Dersom du har erfaring frå leiing og frå andre arbeidsoppgåver tillagt stillinga, vil det vere ein fordel.
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk. Då vi har noko kontakt med utanlandske aktørar vil det vere ein fordel om du også kan kommunisere på engelsk.
- God digital kompetanse og systemforståelse
- Kjennskap til avtaleverk for pedagogisk personale er ønskeleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som evner å sjå heilskap, finne løysingar og har høg gjennomføringsgrad. Du trivast med å leie, planlegge og organisere ulike type oppgåver. Du samarbeider godt med andre og er ein aktiv bidragsytar, både fagleg og sosialt, og løyser dine oppgåver planmessig og systematisk. Du er åpen, nysgjerrig og utviklingsorientert og ynskjer bidra godt til å drifte og vidareutvikle NDLA.
NDLA tilbyr deg
- Å bli med på eit viktig og meiningsfullt oppdrag ved å utvikle og tilby læremiddel og tenester for elevar som skal ut i arbeidslivet.
- Eit arbeidsmiljø der engasjementet er høgt, og der hjarta bankar for vidaregåande opplæring.
- Ein offentleg arbeidsplass i eit selskap med stor fridom og ansvar til å definere og løyse oppdraget eigarane våre har gitt oss.
- Å vere med på å oppfylle visjonen vår, skape framtidas læring saman med alle lærarane og elevane våre.
- Høve til fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i det nye Vestlandshuset i Bergen sentrum
Besøk gjerne www.ndla.no for meir informasjon.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Postboks 7400, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, HR, Leiing, Administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389226243
- Sist endret