Vernepleiar - 100% langvakter - Ambulerande tenester
Alver kommune
- Frist 03.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar i langvaktsturnus
Om stillinga
Ambulerande tenester i Alver kommune er i vekst og vi søkjer to engasjerte vernepleiarar i 100% fast turnus med langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Om Ambulerande tenester
Ambulerande tenester gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar.
Fokuset vårt er meir på den einskilde personen og hjelpebehov/ynskjer, enn på diagnosar. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til kvar og ein. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. Hjå oss er det eit stort tverrfagleg miljø med god kompetanse.
Ambulerande tenester har kontor på Frekhaug, og gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga vart etablert i 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og berre 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar samt at bussen stoppar like ved.
Arbeidsoppgåver
- Primærkontaktansvar
- Yte gode og faglege tenester til den einskilde
- Utarbeide mål, planer og tiltak og følgje opp desse
- Legemiddelhandtering
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Sikre at dokumentasjon er i tråd med gjeldande retningslinjer
- Bidra til et fagleg miljø
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjend vernepleiar. Sjukepleiarar er velkomne til å søkje
- Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
- Førarkort klasse B
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Kven søkjer vi?
- Du er engasjert og trygg i utøvelsen av faget ditt
- Du har respekt for tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
- Du har god relasjonskompetanse
- Du er systematisk og evner å prioritere ulike arbeidsoppgåver parallelt med å arbeide sjølvstendig
- Du er god på å sjå moglegheitar og løysningar
- Du er er systematisk
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode datakunnskapar
Vi tilbyr
- 50 000 i rekrutteringstillegg mot binding i 2 år
- 9000kr i tillegg over tariff på årsløn
- Årsturnus
- God pensjonsordning i KLP
- Løn etter tariffavtale
- Hovudvekt av langvakter i turnus, med moglegheit for påverknad av turnus
- Rom og tid for faglig arbeid
- Ein variert og spennande arbeidskvardag kor du får nytte vernepleiaren i deg!
- Fagleg og personleg utvikling
- God opplæring
- Ein ny og spennande avdeling som stadig er i vekst
Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med kollegaer som tar deg godt i mot
Spørsmål om stillinga
Marianne Bratshaug, avdelingsleiar
Tlf. 453 77 553
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming.
Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389248489
- Sist endret