Drift og vedlikeholdsarbeider bygg
Skafså Kraftverk ANS
- Frist 20.2.2025
- Ansettelsesform Fast
100 % stilling som drift og vedlikeholdsarbeider bygg
Vil du jobbe med drift og vedlikehald innan fornybar energi. Har du erfaring frå bygg og vedlikehaldsarbeid og ynskjer å jobbe for at vasskraftressursar utnyttast best mogleg? Då vil vi gjerne at du blir ein av våre kollegaer!
Arbeidsoppgåver:
· Du vil primært jobbe med drift, tilsyn og vedlikehald av Skafså sine anlegg.
· Vedlikehaldsoppfølging av utemiljø og avfallshandtering.
· Tilsyn av mellom ana vegar, bruer, vannvegar og dammar.
· Sesongbetont arbeid som snomåling, brøyting og sikring av magasin.
· Mindre vedlikehald av byggningsmasser.
· Du arbeider både sjølvstendig og saman med kollegaer på tvers av fagområde.
· Du har fokus på HMS.
· Du er systematisk og likar varierte arbeidsoppgåver.
· Du kan bli pålagt å ta ulike kurs som er relevant for stillinga.
· Du er engasjert i beredskap og sikkerhetsspørsmål og kan bli pålagt å vere ein del av gruppa innom brannvern i Skafså (kjentmann).
Kvalifikasjonar:
· Det er ein fordel å ha eit relevant fagbrev (tømrer, betongarbeider, forskalingsnekker osv) men erfaring kan vega opp for det.
· Førarkort kl B og T er eit krav.
· Gode kommunikasjonsevne på norsk.
· Er fortrolig med bruk av elektronisk verktøy.
· Du har lett for å samarbeide med andre menneske, men trivast også med å løyse utfordrande oppgåver sjølvstendig.
Me tilbyr:
Ei 100% fast stilling med fagleg og personleg utvikling i eit lite kraftselskap med godt arbeidsmiljø, kompetanse, ansvar og innovasjon. Utfordrande og variert arbeidskvardag og kompetanseutvikling gjennom kurs og etterutdanning.
Normal arbeidstid er frå kl 07.30-15.30 med oppmøteplass på Åmdals Verk.
Skafså kraftverk har delt eigarskap mellom Vest-Telemark Kraftlag (67%) og Hydro Energi (33%) og samarbeider inn mot fagmiljø i begge eigarselskapa.
Pensjons og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn.
Søknadsfrist: 20.02.2025, sendast på mail til: firmapost@vtk.no
Om arbeidsgiveren
Skafså Kraftverk (SK) er eigd av Vest-Telemark Kraftlag AS (67%) og Norsk Hydro Produksjon AS (33%). Selskapet driv 4 kraftstasjonar med tilhøyrande 10 dammar fordelt på 5 magasin i Tokke, Fyresdal og Kviteseid kommune i Vest-Telemark. Samla produksjon er ca 300 GWh pr år. Selskapet har eiga driftsavdeling plassert på Åmdals Verk i Tokke.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kraftstasjonsvegen 342, 3882 Åmdals Verk
- Bransje: Annet, Håndverkstjenester, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Betongarbeider, Forskalingssnekker, Snekker/Tømrer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vedlikehold, bygg, tømrer, betongarbeider, drift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389258033
- Sist endret