Konsulent
Helse Førde
- Frist 04.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Konsulent
Forsyningsavdelinga har ledig 100% fast stilling som konsulent ved Førde sentralsjukehus. Avdelinga ligg i dag organisatorisk under Økonomi i Stab og Støtte.
Forsyningsavdelinga i Helse Førde HF er lokalisert med lager og personell på sjukehusa i Førde, Lærdal og på Nordfjordeid. Avdelinga sine oppgåver er å gi støtte til innkjøp, oppbevaring og distribusjon av varer til avdelingane i helseføretaket.
Helseføretaka i Helse Vest har stor fokus på å utvikle logistikken og forsyningsområde. Forsyningavdelinga på Sjukehuset i Førde flytta inn i nye lokaler høsten 2024.
Arbeidsoppgåver
- Styre dei daglige bestillings- og innkjøpsrutinene på Forsyning
- Ivareta at innkjøpsparameterane og omløpshastigheit på varene vert ivaretatt
- Passe på at kjøpte varer har rett pris, mengde og kvalitet.
- Vere ein pådrivar for at nytt forbruksutstyr vert skaffa når det oppstår eit behov
- Kontakt med leverandørar ved forseinkingar, avvik og reklamasjonar
- Stå som ein pådrivar for at det vert forhandla fram innkjøpsavtaler på viktige forbruksmateriell
- Vere eit kontaktpunkt ut mot postane og brukarane som nyttar utstyret i helseføretaket
- Orientere postane og brukarane i helseføretaket når nye produkt vert levert ut frå lager
- Andre praktisk retta oppdrag vil vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning i logistikk
- Eventuelt lang relevant erfaring frå logistikkbransjen
- Gode IKT- kunnskapa og forståing
- Må beherske norsk og engelsk godt, både munnleg og skrifteleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Vedkommande må vere med på å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere punktlig og påliteleg
- Opptre ansvarsbevisst med høg arbeidsmoral
- Personen vi ser etter er serviceorientert, nøyaktig og held god orden
- Like fysisk arbeid
- Vere praktisk anlagt
- God helse og fysikk er nødvendig
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Arbeidstid dagtid vekedagar
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Utfordrande og variert arbeid.
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Lagermedarbeider, Logistikk og lager
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lager, Logistikk, Innkjøp, Avtaler, Leverandørkontakt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389266321
- Sist endret